UiB : Årsmelding : IT :

 

 

Startside

UiB 2003

Utdanning
Forsking
Forskarutdann.
Uviklingsforsk.
Likestilling
UNIFOB
Biblioteket
IT
Formidling
Tal for 2003

Fakulteta


Iverksetting av universitetets IKT-strategi

 
Opningsveka hausten 2003: I alt er det fleire sider som vert lasta ned frå studentportalen enn frå den sentrale web-serveren på UiB. (foto: Silje Gripsrud)
Arbeidet med å tilpassa IKT-organisasjonen og IKT-tenestene til revidert IKT-strategi er i godt gjenge.

IT-direktøren har fått utvida fullmakter til å syta for sterk samordning mellom IT-avdelinga og dei lokale IT-driftsmiljøa, og dette blir i stor grad teke i vare gjennom uformelle kontaktnett der IT-avdelinga har ei leiande rolle.

Ein grunnleggjande føresetnad for velfungerande IKT-tenester er eit nettverk med høg kapasitet og stor stabilitet. Med få unnatak har IKT-brukarane ved UiB all den nettverkskapasiteten dei har bruk for, og spesielle behov vert godt ivaretekne.
Ei spesiell utfordring ved UiB er ein stor spreidd bygningsmasse med hyppige endringar. Dette medfører at eksisterande samband må leggjast om og nye må opprettast. Trådlausnett (WLAN) blir bygt ut etter behov.

Gjennom eit sentralt brukaradministrativt system (SEBRA) har alle studentar no tilgang til grunnleggjande IKT-tenester. I eit brukarvenleg vevgrensesnitt opprettar studentane sjølve sine IKT-konti, og her kan dei også skifta passord. Innan utgangen av vårsemesteret 2004 vil SEBRA vera implementert for tilsette. Det blir også arbeidd med å gje forenkla internett-tilgang til personar som er på korttids vitjing ved UiB.

Delvis som ein konsekvens av IKT-strategien har IT-avdelinga fått eit stadig auka ansvar for klientdrift, mellom anna er det inngått avtaler med Psyk.fak., Jur.fak. og CIPR om automatisert drift av MS-Windows klientar. Det føregår samtaler med det nye BIO-instituttet og UB om tilsvarande driftstenester frå IT-avdelinga.

Informasjonstryggleik
Stadig meir ressursar (årsverk, maskin- og programvare) går med til å oppretthalda IKT-tenestene gjennom daglege virusåtak og andre former for negativ aktivitet i datanettet.

Gjennom uformelle kanalar føregår det mykje utveksling av informasjon mellom universiteta. I 2003 vart UiO, NTNU og NHH utsett for åtak der mange brukaridentitetar vart opna for innsyn, noko som førte til at alle IKT-brukarar måtte skifta passord på kort varsel. Samla økonomiske konsekvensar var fleire millionar kr. Ein kombinasjon av flaks og sikringstiltak gjorde at åtak mot UiB ikkje har fått store negative konsekvensar, likevel er enkelte lokalmiljø ved UiB blitt hardt råka.

IKT i læring og undervising
I 2003 er det implementert to sentrale system som skal støtta og effektivisera studieprogramma og læringa.

Studentportalen som er innfallsporten til svært mykje studieinformasjon, har til dagleg om lag 7000 påloggingar. I tillegg til reint studieadministrative opplysingar blir lærestoff lagt på nett og studentane kan oppretta samarbeidsgrupper for ulike føremål. For å gje eit betre tilbod til utanlandske studentar er deler av studentportalen konvertert til engelsk.

Classfronter er eit såkalla læringsadministrativt system (LMS), som ein har vedteke skal vera det sentrale LMS ved UiB, gratis tilgjengeleg for dei fagmiljøa som vil ta det i bruk. Det er for tida sett i verk prøveprosjekt ved alle fakulteta. Ved Juridisk fakultet, som har lengst erfaring med systemet, er bruken stor. Det elektroniske læringssystemet Kark som er utvikla ved Historisk institutt, blir integrert i Classfronter.

Timeplanleggingssystemet Syllabus er under testing. Dersom Syllabus blir valt kan det henda at også romreservasjon blir lagt til dette systemet.

Dei omtala systema blir integrert tett med Felles studentsystem (FS) og det blir planlagt forenkla pålogging via SEBRA. Med desse systema vil ein sikra auka kvalitet i undervisningsadministrasjon og læringsmiljø utan at samla ressursbruk blir vesentleg større enn tidlegare.

Forenkla kvardag
Våren 2003 vart det sett ned ei arbeidsgruppe som har lagt fram detaljerte planar for Intranett eller portal for tilsette. Fyrste implementering er planlagt til hausten 2004. Det er i gang arbeid med innføring av nye elektroniske verktøy for bibliotektenester som gir lettare tilgang til eksterne elektroniske publikasjonar, og som vil leggja til rette for elektronisk publisering av fagstoff frå UiB.

Gjennom samarbeidsprosjektet FRIDA vil dei norske universiteta frå hausten 2004 få eitt standardisert system for forskingsdokumentasjon, som mellom anna vil forenkla rapporteringa til styresmakter, NFR og andre.

Formidlingsavdelinga er i gang med ei omfattande omlegging og standardisering av UiB sine opne vevsider. Målet er å gje betre tilpassa informasjon til ulike brukargrupper, og enklare navigasjon. Dette vil også krevja ei kraftig opprydding frå alle dei avdelingane og fagmiljøa som har lagt informasjon på vev. Intranett også er ein viktig del av nysatsinga.

Nye system for elektronisk fakturahandsaming og prosjektøkonomi er under testing/implementering.

Med den tekniske utviklinga som skjer innan IKT-området blir kunnskapar fort forelda, nye tenester kjem til og nokre tenester kan fasast ut. Ved IT-avdelinga og Mat.Nat. er det sett i gang kompetansekartlegging som grunnlag for å utarbeide kompetanseplanar for IT-driftspersonell, slik at ein kan møta framtidige behov.