UiB På Høyden
Nettavis for Universitetet i Bergen - fredag 16. november 2007
3.4.2003
Abelprisen til Jean-Pierre Serre

Skriv ut artikkelen

Kommentar til redaksjonen

Tips en bekjent om denne saken

Relevante lenker
Den første Abelprisen i matematikk er tildelt Jean-Pierre Serre, professor emeritus ved Collège de France i Paris. Det kunngjorde Det Norske Videnskaps-Akademi 3. april.

Av Kjerstin Gjengedal

Serre er tildelt prisen «for å spille en viktig rolle i å gi mange deler av matematikken en moderne form, blant annet topologi, algebraisk geometri og tallteori», heiter det i ei pressemelding frå Videnskapsakademiet. Forskinga til Serre har vore uunnverleg i høve til å leggje til rette for nokre av dei mest berømte gjennombrota i den seinare tid, inkludert provet for den såkalla Fermats siste sats, utvikla av Andrew Wiles som mange spekulerte i at ville få Abel-prisen.

Jean-Pierre Serre er fødd i Bages i Frankrike i 1926. Han studerte ved Ecole Normale Superieure og tok doktorgraden ved Sorbonne i Paris. I 1956 vart han professor ved Collège de France. Han har tidlegare fått både Fields-medaljen og Wolf-prisen, mellom mange andre.

Niels Henrik Abels minnefond vart etablert 1. januar 2002. Prisen er på 6 millionar kroner og blir delt ut av Det Norske Videnskaps-akademi, og det har vore knytta stor spenning til kven som ville vere den første til å stikke av med Abelprisen. I statuttane heiter det at «prisen skal bidra til å heve matematikkfagets status i samfunnet og stimulere barn og unge til å bli interessert i matematikk». Prisen blir delt ut 3. juni i universitetets aula i Oslo.

Niels Henrik Abel levde frå 1802 til 1829, og er eitt av dei norske namna som er mest kjent verda over. I løpet av eit kort liv rakk han å gjere fleire banebrytande matematiske oppdagingar. Prisen med hans namn skal fylle eit tomrom som kjem av at det ikkje finst noko matematisk motstykke til Nobel-prisen. Det finst andre internasjonale matematikk-prisar, men ingen er så stor som Abelprisen.


SISTE 20 NYHETER

• I snakkehjørnet: Gunnar Danbolt (16.11.2007)
• Fredagsquiz uke 46 (16.11.2007)
• Føler ikke ansvar for klimaendringene (16.11.2007)
• Mishandlede kvinner mister seg selv (15.11.2007)
• Kvinners undervisningstid har økt mest (15.11.2007)
• Setter standard innen systemdynamikk (15.11.2007)
• Klart for nytt klimasenter (14.11.2007)
• Med sans for ”bad ass”- jenter (13.11.2007)
• Når hjernen misser grepet (13.11.2007)
• Johnsen vant quizen (12.11.2007)
• Ny PET - drømmemaskin på vei (12.11.2007)
• Plankton kan ta toppen av CO2-utslippene (12.11.2007)
• Pengegåve til nytt klimasenter (9.11.2007)
• Herpes forsterker HIV-epidemien (9.11.2007)
• Fredagsquiz uke 45 (9.11.2007)
• Kommersialiseringspris til biomedisinere (8.11.2007)
• Omstridt 200-åring (7.11.2007)
• Forskere forvirret av fleksitid (7.11.2007)
• Skal evaluere instituttlederordningen (6.11.2007)
• Vil ha annerledes forskning på fattigdom (6.11.2007)

Arkiv