UiB På Høyden
Nettavis for Universitetet i Bergen - fredag 9. februar 2007
4.4.2003
«Vi bryr oss!» vann likestillingsprisen



Skriv ut artikkelen

Kommentar til redaksjonen

Tips en bekjent om denne saken

Relevante lenker
Det vart «Vi bryr oss!»-prosjektet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet som gjekk av med sigeren i konkurransen om UiB sin likestillingspris for 2003. Det vedtok Universitetsstyret torsdag 3. april.

Av Silje Gripsrud

Likestillingsprisen vart lyst ut for første gong hausten 2002 i samband med at Handlingsplan for likestilling ved UiB 2000-2002 skal rullerast våren 2003. Prisen skulle gå til den avdelinga, fakultetet, instituttet eller fagmiljøet som på ein aktiv måte har sett i verk tiltak eller aktivitetar for å bidra til å oppfylle dei likestillingspolitiske målsettingane som er formulerte i planen. Prisen er på 25.000 kroner og eit kunstverk av ein lokal kunstnar, og pengane må brukast på tiltak som kan bringe likestillingsprosessen vidare.

– Målet med likestillingsprisen er å sette fokus på dei positive tiltaka som finst, og å spore til ekstra innsats på området, seier likestillingsrådgjevar Anne Marit Skarsbø.

– Ikkje alle fagmiljø og institutt har same behov, og vi ønskjer å oppmuntre til å gå nye vegar, og sette i verk tiltak ut frå den situasjonen ein er i. Målet er at fagmiljøa skal arbeide aktivt med slike spørsmål, framfor å heile tida bli pålagt tiltak ovanfrå.

Prosjektet «Vi bryr oss!» vart starta hausten 1999 og involverer alle nye studentar ved Mat.nat. Røynsle over fleire år viste at det ofte var ressurssterke og dyktige studentar, oftast kvinner, som slutta ved fakultetet i starten av studiet. Målet med prosjektet var mellom anna å halde på dei motiverte studentane, å auke kvinneandelen oppover i studieløpet, og å auke trivselen for studentar og tilsette. For å oppnå dette, slutta fakultetet med store informasjonsmøte for nye studentar, og la heller opp til ein klassesituasjon der dei nye studentane får møte andre med same faglege interesser, under leiing av lærarar eller vidarekomne studentar. Studentane følgjer klassen gjennom heile første semester, og alle institutta ved fakultetet er inkludert i prosjektet.

Resultatet av prosjektet viser at det har slått særskilt postitvt ut for kvinnene. Kvinneandelen aukar i staden for å gå ned dei første semestera, kvinnene oppnår spesielt gode eksamensresultat og er mest nøgde med opplegget. Fakultetet planlegg å følgje opp prosjektet ved å utvide det utover første semester.


SISTE 20 NYHETER

• Fredagsquiz uke 6 (9.2.2007)
• 60 millioner til klimaforskning (9.2.2007)
• UiB får skryt for kvalitetssikringa (8.2.2007)
• Coverlåter, menn og skeiv teori (7.2.2007)
• Vant fotballturnering med god margin (7.2.2007)
• Uklart vann gir lite fisk (7.2.2007)
• Kjempeinvestering i unge kapasiteter (6.2.2007)
• Ellen Meyer Hoff vant ukens quiz (5.2.2007)
• God kjemi gir attraktiv avtale (5.2.2007)
• Dei første Nilforskarane på plass (5.2.2007)
• I snakkehjørnet: Anne-Hilde Nagel (5.2.2007)
• Klimadommen er klar (2.2.2007)
• Prisutdeling på forskarskolen i klinisk medisin (2.2.2007)
• Urolig for klinikkens fremtid (2.2.2007)
• Fredagsquiz uke 5 (2.2.2007)
• Å rappe om seg sjølv (1.2.2007)
• Tydeligere kriterier for søknadsstøtte fra UiB (1.2.2007)
• I verktøykassen: Varmebord til malerikonservering (31.1.2007)
• Hvem skal sikre forskningstiden? (30.1.2007)
• Kraft vant fredagsquizen (29.1.2007)

Arkiv