UiB På Høyden
Nettavis for Universitetet i Bergen - fredag 16. november 2007
4.12.2003
Satsar på Sør-Afrika

Skriv ut artikkelen

Kommentar til redaksjonen

Tips en bekjent om denne saken
Denne veka har Psykologisk fakultet besøk av to forskarar frå University of the Western Cape i Sør-Afrika. Besøket er ei oppfølgjing av arbeidet i nasjonalt fagråd for psykologiutdanning, men det glir også inn UiB si generelle satsing på samarbeid med Sør-Afrikanske institusjonar.

Av Kjerstin Gjengedal

UiB har eit omfattande og uoversiktleg samarbeid med institusjonar i Sør-Afrika i dag, der vekta mest ligg på forskingssamarbeid. Samarbeidet skjer både på institusjonelt nivå og som uformelle prosjekt fagmiljø og -personar imellom. No ønskjer UiB å leggje ein meir målretta strategi for samarbeidet med Sør-Afrika, slik at ein får meir heilskap i samanhengane mellom forsking, utdanning og studentutveksling. I samband med denne satsinga planlegg leiinga ei delegasjonsreise til fleire universitet i Sør-Afrika i februar. Her skal både representantar for leiinga, Internasjonalt kontor og ulike fagmiljø vere med.

I januar i år gjennomførte arbeidsutvalet i fagrådet for psykologiutdanninga ei reise i Sør-Afrika for å utvikle det institusjonelle samarbeidet. Professor Mohamed Adams og professor Charles Malcolm frå University of the Western Cape besøker no UiB som ei oppfølgjing av dette arbeidet. Dei har mellom anna halde ei open gjesteforelesing ved Psykologisk fakultet, om utfordringane ved å undervise i psykologi i eit samfunn i sterk endring.

– Men besøket er samstundes eit ledd i UiB si satsing på eit sterkare samarbeid med Sør-Afrika, seier fakultetsdirektør Audun Rivedal.

Cape Town største utvekslingsuniversitet

– Nasjonalt er arbeidet i psykologinettverket fordelt slik at UiB jobbar mot University of the Western Cape, medan til dømes NTNU og UiO jobbar mot andre institusjonar. Samstundes samarbeider vi på tvers i nettverket, slik at vi til dømes kan drive utveksling på kvarandre sine program. Vi byrjar også så smått å utvikle opplegg for studentutveksling. Førebels har det mest vore norske studentar som har reist til Sør-Afrika. Men vi vonar at vi kan få fleire doktorgradsstudentar og unge forskarar opp hit på forskingsopphald, forklarer Rivedal.

– Sør-Afrika blir vår neste store satsing i Afrika, etter Dar-es-Salaam og Makerere. Mange av forskarane våre finn Sør-Afrika interessant som samarbeidspartnar, fordi ein kan drive utviklingsforsking og samstundes ha tilgang til moderne forskingsfasilitetar, fortel direktør Jan Petter Myklebust ved Internasjonalt kontor.

– Vi har fleire NUFU- og NFR-finansierte prosjekt mot Sør-Afrika, og University of Cape Town er det største utvekslingsuniversitetet målt etter talet på studentar dei tek imot frå UiB. Studentane våre er svært interesserte i å reise til Sør-Afrika, og vi ønskjer å styrke den delen av samarbeidet.

Samarbeidet mellom UiB og institusjonar i Sør-Afrika omfattar i dag både naturvitskap og teknologiske fag, pedagogikk, zoologi og helsearbeid, for å nemne noko. Delegasjonsreisa i februar tek sikte på å vitje fem universitet med tanke på å etablere avtaler, og å styrke og utvide eksisterande samarbeid.


SISTE 20 NYHETER

• I snakkehjørnet: Gunnar Danbolt (16.11.2007)
• Fredagsquiz uke 46 (16.11.2007)
• Føler ikke ansvar for klimaendringene (16.11.2007)
• Mishandlede kvinner mister seg selv (15.11.2007)
• Kvinners undervisningstid har økt mest (15.11.2007)
• Setter standard innen systemdynamikk (15.11.2007)
• Klart for nytt klimasenter (14.11.2007)
• Med sans for ”bad ass”- jenter (13.11.2007)
• Når hjernen misser grepet (13.11.2007)
• Johnsen vant quizen (12.11.2007)
• Ny PET - drømmemaskin på vei (12.11.2007)
• Plankton kan ta toppen av CO2-utslippene (12.11.2007)
• Pengegåve til nytt klimasenter (9.11.2007)
• Herpes forsterker HIV-epidemien (9.11.2007)
• Fredagsquiz uke 45 (9.11.2007)
• Kommersialiseringspris til biomedisinere (8.11.2007)
• Omstridt 200-åring (7.11.2007)
• Forskere forvirret av fleksitid (7.11.2007)
• Skal evaluere instituttlederordningen (6.11.2007)
• Vil ha annerledes forskning på fattigdom (6.11.2007)

Arkiv