UiB På Høyden
Nettavis for Universitetet i Bergen - søndag 4. november 2007
9.3.2005
Meltzerpris for Naturhistorisk vegbok


Dei lykkelege prisvinnarane Jan M. Nordbotten (t.v.) og Karl Johan Tronstad. (foto: Magnus Vabø)

Skriv ut artikkelen

Kommentar til redaksjonen

Tips en bekjent om denne saken

Relevante lenker
William Helland-Hansen, initiativtakar og redaktør for Naturhistorisk Vegbok, fekk Meltzerfondets formidlingspris for 2005. Jan M. Nordbotten og Karl Johan Tronstad fekk prisar for framifrå forsking.

Av Njord V. Svendsen

Det var som vanleg med stor festivitas då Meltzerprisane var utdelt tirsdag 8. mars, på Lauritz Meltzers 134-årsdag. To unge forskarar, Jan M. Nordbotten (23) og Karl Johan Tronstad (31) fekk pris for sine framståande vitskapelege arbeid, medan William Helland-Hansen (47) kapra Meltzers formidlingspris for sin innsats med Naturhistorisk vegbok. Kvar av dei tre prisane er på 100 000 kroner.

Unikt i Noreg

William Helland-Hansen er mannen som tok initiativet til Naturhistorisk vegbok, eit massivt verk på 570 sider der i alt 61 forfattarar har gitt sine bidrag. Boka, som gir ei brei, populærvitskapeleg framstilling av naturhistoria i Hordaland, har vore ein stor suksess sidan lanseringa i oktober i fjor, og førsteopplaget på 12000 var utselt før jul. Nytt opplag er trykt og i handelen.

”Ved å være initiativtager og stå i spissen for dette prosjektet har William Helland-Hansen gjort det mulig for Hordalands befolkning å få en innfallsport til kunnskapen om naturen i fylket. Noe tilsvarende bokverk eksisterer ikke i Norge”, heiter det i omtalen frå Meltzerfondet, som understrekar at storverket aldri hadde blitt realisert utan Helland-Hansens store entusiasme og innsats gjennom mange år.

Ledende forsker

Kvart år deler Meltzerfondet ut prisar til særskilt lovande unge forskarar ved Universitetet i Bergen. Karl Johan Tronstad og Jan M. Nordbotten høyrer begge i høgste grad til denne kategorien og kunne ta imot kvar sin pris under Meltzermiddagen.

Ifølgje Meltzerfondets styre framstår Karl Johan Tronstad som ”en av de absolutt mest toneangivende yngre forskerne ved Universitetet i Bergen, som med sin dyktighet, arbeidskraft, samarbeidsevne og entusiasme utvilsomt utvilsomt er i ferd med å etablere seg som en ledende forsker internasjonalt innen et sentralt felt av translasjonsforskning”. Tronstad si forsking på mitokondriane i cellene har betydning for kreftbehandling og relevans for ernæringsforskinga.

Høgt internasjonalt nivå

Jan M. Nordbotten er den yngste som nokon gong har disputert for ein doktorgrad ved UiB, men har alt etablert seg som forskar på høgt internasjonalt nivå. Gjennom sitt doktorarbeid har Nordbotten utvikla nye metodar for å modellere og rekne ut risikoen for lekkasje av CO2 deponert i grunnvassreservoar.

Nordbottens avhandling langt utover det en kan forvente av et doktorarbeid, står det i omtalen frå Meltzerfondet. Nordbotten er for tida post-doctoral fellow ved, Princeton University i USA.


SISTE 20 NYHETER

• Tyver med nøkler (2.11.2007)
• Filmpris til miljøfilm (2.11.2007)
• Fredagsquiz uke 44 (2.11.2007)
• – Fagmiljø på sidelinjen i ledertilsettinger (2.11.2007)
• Ingen skader på Studentsenteret (1.11.2007)
• Livsviktig fødselsregister fyller 40 år (1.11.2007)
• Kutt i studietilbudet (1.11.2007)
• UiO-ansatte på spinning i kjernetiden (31.10.2007)
• Pressen bryter eget regelverk (30.10.2007)
• Lindtner vant quiz (29.10.2007)
• Bekymret for kutt i basisbevilgningene (29.10.2007)
• Microsoft trosser EU-lovgivning (29.10.2007)
• Familiens livsstil veier tyngst (29.10.2007)
• Når retten blir forbryter (26.10.2007)
• I snakkehjørnet: Terje Tvedt (26.10.2007)
• Fredagsquiz uke 43 (26.10.2007)
• Ikke flere krefttilfeller enn normalt (25.10.2007)
• Ingelfinger kneblar forskarar (25.10.2007)
• Kvarteret blir forsinket (24.10.2007)
• Sjøanemonar og menneske deler avansert eigenskap (23.10.2007)

Arkiv