UiB På Høyden
Nettavis for Universitetet i Bergen - fredag 9. februar 2007
10.10.2003
Nobels Fredspris til Shirin Ebadi

Skriv ut artikkelen

Kommentar til redaksjonen

Tips en bekjent om denne saken

Relevante lenker
Den Norske Nobelkomite har bestemt at Nobels fredspris for 2003 skal tildelast Shirin Ebadi for hennar innsats for demokrati og menneskerettar. Ho har særleg engasjert seg i kampen for rettane til kvinner og born. 27. november kjem ho til Bergen.

Av Mia Kolbjørnsen

Som advokat, domar, førelesar, forfattar og aktivist har røysta hennar lydd klår og sterk i hennar land, Iran, og langt ut over heimlandet. Ho har stått fram med fagleg tyngd, stort mot og ho har trassa faren for eigen tryggleik.

Kampen for dei grunnleggjande menneskerettane er hennar fremste arena, og ikkje noko samfunn fortener å kallast sivilisert utan at rettane til kvinner og born blir respekterte. I ei valdeleg tid har ho konsekvent stått for ikkjevald. For henne er det grunnleggjande at den øvste politiske makt i eit samfunn må kvila på demokratiske val. Ho legg vekt på at opplysning og dialog er beste vegen til å endra haldningar og løysa konfliktar.

Torsdag 27. november kjem ho til Bergen for å innleia den internasjonale konferansen "Gender, religion, and Change in the Middle East: 1800-2000" med føredraget "The status of women in the Middle East and its relationship to culture and Islam: With specific focus on the status of women in Iran".


SISTE 20 NYHETER

• Vil gi økonomisk gevinst for å ansette kvinner (9.2.2007)
• Fredagsquiz uke 6 (9.2.2007)
• 60 millioner til klimaforskning (9.2.2007)
• UiB får skryt for kvalitetssikringa (8.2.2007)
• Coverlåter, menn og skeiv teori (7.2.2007)
• Vant fotballturnering med god margin (7.2.2007)
• Uklart vann gir lite fisk (7.2.2007)
• Kjempeinvestering i unge kapasiteter (6.2.2007)
• Ellen Meyer Hoff vant ukens quiz (5.2.2007)
• God kjemi gir attraktiv avtale (5.2.2007)
• Dei første Nilforskarane på plass (5.2.2007)
• I snakkehjørnet: Anne-Hilde Nagel (5.2.2007)
• Klimadommen er klar (2.2.2007)
• Prisutdeling på forskarskolen i klinisk medisin (2.2.2007)
• Urolig for klinikkens fremtid (2.2.2007)
• Fredagsquiz uke 5 (2.2.2007)
• Å rappe om seg sjølv (1.2.2007)
• Tydeligere kriterier for søknadsstøtte fra UiB (1.2.2007)
• I verktøykassen: Varmebord til malerikonservering (31.1.2007)
• Hvem skal sikre forskningstiden? (30.1.2007)

Arkiv