UiB På Høyden
Nettavis for Universitetet i Bergen - torsdag 8. februar 2007
NEWS IN ENGLISH
No messages...

Archive
NYE BØKER
Ingen meldinger...

Arkiv
12.1.2005
Nytt på norrønt


Professor Odd Einar Haugen.


Skriv ut artikkelen

Kommentar til redaksjonen

Tips en bekjent om denne saken

Relevante lenker
For første gong i Skandinavia har det kome ei handbok i norrøn filologi. I spissen for prosjektet står forskarar frå Universitetet i Bergen.

Av Njord V. Svendsen

Studentar av norrøn filologi og andre med interesse for norrønt språk har endeleg eit samla oppslagsverk mellom to permar å halde seg til. Handboka på 512 sider, utgitt av Fagbokforlaget, er den første i sitt slag i Skandinavia.

– Faget norrøn filologi bestod av kopiar og kompendium. Vi ville samle og synleggjere stoffet, seier redaktør for verket og professor på Nordisk institutt ved UiB, Odd Einar Haugen.

Tilgjengeleg

Saman med professor Else Mundal ved Senter for middelalderstudier, UiB, står han bak fire av dei ti kapitla i boka, som elles er eit nasjonalt samarbeidsprosjekt med forfattarar frå dei fem universiteta i Bergen, Oslo, Stavanger, Tromsø og Trondheim, samt Høgskolen i Agder. Hovudkonsulent for boka har vore Rune Kyrkjebø ved Universitetsbiblioteket i Bergen.

Handbok i norrøn filologi rettar seg primært mot studentar på universitets- og høgskulenivå, men ifølgje Haugen har forfattarane lagt vekt på å gjere framstillinga så tilgjengeleg at boka kan lesast med utbyte av alle som er interesserte i den norske språkkulturen i mellomalderen.

Frå runer til prosa

Lesarane får ei innføring i sentrale emne i den norrøne filologien – om handskriftene sjølve, om tilpassinga av det latinske alfabetet for norrønt, om lesing av runer, om dialektar i gammalnorsk og gammalislandsk, om syntaktisk utvikling frå urnordisk til mellomnorsk, om norsk språk i seinmellomalderen

I tillegg inneheld boka kapittel om person- og stadnamn (med ei reise langs kysten), om norrøn verselære og skaldedikting, og endeleg har boka eit kortfatta oversyn over den norrøne prosaen.


SISTE 20 NYHETER
Ingen nyheter...

Arkiv

LESERBREV
Ingen meldinger...

Arkiv