|
|
|
 |
|
13.2.2002
Rektorar vil redda «Schrödingers katt»
Rektorane ved dei fire norske universiteta protesterer mot nedlegging av NRK-programmet «Schrödingers katt». Programdirektør Hans Tore Bjerkaas i NRK vil ikkje kommentera saka.
Av Hilde Kvalvaag
I eit ope brev til NRK, sendt onsdag 13.februar, skriv rektorane mellom anna at forsking og forskingsbasert kunnskap er eit viktig grunnlag for samfunnsdebatt og politiske beslutningar. Vidare påpeikar dei at programmet har ein ung sjåarprofil og er med å stimulera interessa for forsking, noko som ikkje minst er viktig i ei tid med sviktande rekruttering til realfaga. Rektorane beklagar på det sterkaste dersom programmet skal leggast ned og anmodar om at saka blir tatt opp til ny vurdering.
Det populære programmet har gjennomsnittleg nærare 600 000 sjåarar. Ifølge Aftenposten har NRK-leiinga planar om å etablera ein nyheitstime på kvardagar mellom klokka 1900 og 2000. Verken Schrödingers katt, Puls eller Forbrukerinspektørene vil det då lenger vera plass til. Dei to sistnemnde har fått høyra at dei kan bli flytta til NRK2, medan «katta» står i fare for å bli lagd ned.
TragedieViserektor for utdanning ved UiB, Leiv Sydnes, har personleg erfaring med forskingsformidling via Schrödingers katt.
– Å legga ned programmet ville vera ein tragedie, seier Leiv Sydnes. Han meiner Schrödingers katt har bidradd til å få fram betydninga av forsking i mange samanhengar – og på ein måte som er forståelig for folk flest.
Sydnes, som er professor i kjemi, deltok i fjor i programmet med ein serie om korleis alt liv er avhengig av kjemi. Gjennom åtte innslag viste Sydnes korleis kjemi spelar ei rolle i dagliglivet. Han hadde då eiga nettside i NRK der han svarte å spørsmål.
– Eg fekk svært mange spørsmål og tilbakemeldingar på innslaga eg hadde. Eg har også mange gongar opplevd å bli stoppa av folk som kom med faglege spørsmål.
Nektar å svara– Å legga ned programmet i ei tid der ein snakkar om kunnskapsbasert økonomi er både korttenkt og lite framtidsretta, seier Sydnes.
– Ein treng eit forum som kan gje ei opplysande og balansert framstilling av vitskap. Her har Schrödingers katt gjort ein framifrå jobb, seier Sydnes på telefon fra Cambridge.
Programdirektør Hans Tore Bjerkaas i NRK seier til På Høydene at han ikkje vil svara på nokre spørsmål som har med nedlegginga av det populære programmet å gjera.
|
|
|
|