UiB På Høyden
Nettavis for Universitetet i Bergen - torsdag 8. februar 2007
NEWS IN ENGLISH
No messages...

Archive
NYE BØKER
Ingen meldinger...

Arkiv
13.9.2001
Biblioteksamarbeid med Uganda


Anne Asserson, førstekonsulent ved UBB, Erik Valevatn seksjonsleiar ved Eline, Elly Gamukama, IT-ansvarleg ved Makerere, og Tom Johnsen, fakultetsbibliotekar ved SV-biblioteket, diskuterer samarbeid.

Skriv ut artikkelen

Kommentar til redaksjonen

Tips en bekjent om denne saken
UB skal samarbeida med Makerere-universitetet i Uganda om å bygga opp eit elektronisk bibliotek på det afrikanske universitetet. Makerere har førebels ikkje noko automatisert biblioteksystem, kun eit manuelt dreve bibliotek

Av Hilde Kvalvaag Bang

Elly Gamukama, som er IT-ansvarleg ved Makerere, gjester for tida UiB. Han seier at det er heilt naudsynt at ein ved universitetet i den ugandiske hovudstaden Kampala får bygd opp eit digitalt bibliotek. Midlar frå NORAD og svenske SIDA er øyremerkt til det nye biblioteket.

– Gjennom dette kan vi få eit betre utdanningstilbod og høve til å henta inn informasjon frå heile verda, seier Gamukama som legg til at universitetet i Makerere må bygga opp heile sin elektroniske infrastruktur. Han har gjennom ei rekke møte med med representantar for UB og Eline blitt presentert for både web-løysingane og det digitale biblioteksystemet ved UiB.

Treng å gjera forskinga kjend

– Å ha gode bibliotektjenester er heilt vesentleg for forskning og undervisning, seier bibliotekdirektør ved Universitetsbiblioteket, Kari Garnes som fortel at samarbeidet har vore snakka om lenge, men det er først no at det ser ut til at det blir laga konkrete planar. At ein engasjerer seg mot utviklingsland er ikkje noko nytt. UB har til dømes i mange år hatt eit samarbeid med universitetsbiblioteket i Dar es Salam, Tanzania.

– Utviklingsland har problem både med å få forskningsresultata sine publisert og å få tilgang til nødvendige publikasjoner og annan informasjon. Dette gjeld også for ugandiske forskarar; at dei ikkje har kanalar for å gjera forskinga si kjend og tilgjengeleg. Her kan elektronisk publisering på ein enkel måte vera til stor hjelp.

Med oppbygging av ein elektronisk infrastruktur, vil ugandarane få tilgong til biblioteksystem, som f.eks. BIBSYS. og vi kan hjelpe til med dokumentleveranser frå eigne samlingar. Dei kan ikkje få tilgong til elektroniske tidsskrift som UB abbonerar på, då dette er avtalar som kun gjeld for UB. Derimot kan dei få tilgong til ein del gratis tidsskrift, men må laga sine eigne avtalar om å abbonera på andre tidsskrift. Etter planen skal det arrangerast workshops og seminar i Uganda, der ein skal belysa ulike problemstillingar knytt til utbygginga av ein elektronisk infrastruktur. UB vil her kunna bidra med utveksling for å gje opplæring og kompetanse i elektronisk bibliotek.

Ein flaskehals

Andreas Steigen, som koordinerer samarbeidet med Makerere-universitetet, seier at tilgong på litteratur og bibliotekstjenester har vore ein av flaskehalsene innanfor prosjektsamarbeidet.

– Vi har arbeida med dette i fleire år. Det at NORAD og dei to universitetsbibliotekene har byrja å arbeida saman for å betra dette er eit gjennombrot, seier Steigen som fortel at det første biblioteket ein vil gå inn for å få modernisert er den naturvitskaplege delen av biblioteket.


SISTE 20 NYHETER
Ingen nyheter...

Arkiv

LESERBREV
Ingen meldinger...

Arkiv