UiB På Høyden
Nettavis for Universitetet i Bergen - fredag 9. februar 2007
15.11.2001
Truleg samarbeid med Vietnam


Jan Petter Myklebust, Nguyen Huu Dung, Nguyen Thi Xuan Thu og Rune Nilsen har denne veka diskutert samarbeid mellom UiB og utdanningsinstitusjonar i Vietnam.

Hovudbygning University of Fisheries, Nha Thrang, Vietnam

Fiskebåtar i Nha Thrang

Skriv ut artikkelen

Kommentar til redaksjonen

Tips en bekjent om denne saken
Vietnamesiske marinbiologar har vore i Bergen for å diskutera samarbeid med UiB. Studentutveksling, felles forskingsprosjekt og opptak av vietnamesiske studentar ved Institutt for fiskeri- og marinbiologi er blant planane for samarbeidet.

Av Hilde Kvalvaag Bang

Onsdag 14.11 vart det skrive eit "memorandum of understanding " mellom UiB og dei to vietnamesiske institusjonane.

– Dette kan danna grunnlag for vidare utvikling av felles forskingsprosjekt og studentutveksling, seier professor Anne Gro Vea Salvanes ved Institutt for fiskeri- og marinbiologi. Ho seier drøftingane har vore veldig interessante og at det er stor entusiasme både på UiB og i Vietnam om å få til noko meir. Tidligare i år var Salvanes med i ei gruppe frå UiB som vitja Nha Thrang.

Dei to marinbiologane som vitjar UiB kjem frå to ulike institusjonar; University of Fisheries, Nha Thrang-universitetet og Research Institute for Aquaculture no.3, også det i den sør-vietnamesiske kystbyen Nha Thrang. Dei fortel at akvakultur er ei viktigare og viktigare næring i Vietnam. I heimlandet er dei i ferd med å bygga opp gode forskingsmiljø innan marine fag, men har problem med manglande infrastruktur. Dei manglar gode lab-fasilitetar, og har heller ikkje elektronisk bibliotek. Framfor alt manglar dei fagleg kompetanse på mange fagområde.

Bør kunna realiserast

Påtroppande prorektor ved UiB, professor Rune Nilsen, meiner det er gode muligheiter for å få til eit samarbeid med dei vietnamesiske forskingsinstitusjonane.

- Det er mange måtar å organisera eit samarbeid. Ein måte er å søka om NUFU-løyvingar. Ellers kan det vera aktuelt å prøva å få støtte gjennom NORAD-stipend, kvotestipend eller Mastergradsprogrammet.

- Det viktige er å kobla det opp mot dei etablerte stipenda. Eg trur også det er ein god ide at Bergen knyttar seg opp til samarbeidet som allereie eksisterar mellom Na Thrang-universitetet og NTNU i Trondheim, seier Nilsen som er oppteken av at kontakten mellom norske universitet som er knytt til Nord-sør samarbeid bør bli betre.

Jan Petter Myklebust, direktør ved Internasjonalt kontor, seier at Asia er underrepresentert blant universiteta UiB samarbeider med, medan ein i fleire tiår har hatt tett samarbeid med Afrika. Han meiner at det er mange gode grunnar til å prioritera å få igong eit samarbeid med Vietnam. Han trur og at det er interesse i Noreg for å hjelpa til med oppbygginga av landet.

Samarbeid på mange felt

Denne veka har dei vietnamesiske gjestene teke del i eit tett program og mellom anna fått sett ein del av fasilitetane Universitetet i Bergen rår over. Det blir drøfta mogleg studentutveksling mellom Noreg og Vietnam, initiering av felles forskingsprosjekt med finansiering frå NUFU eller NFR, opptak av studentar frå Vietnam på eksisterande og planlagde Masterkurs ved IFM, samt igongsetting av engelsk-kurs for Vietnamesiske studentar.

Vietnamesarane har brukt mange år på å bygga opp att landet etter Vietnamkrigen, og er også interessert i å byggja også opp den framandspråklege kompetansen sin.

- Tidlegare var russisk einaste framandspråk i Vietnam. Engelskundervisning i skulane starta ikkje før i 1985, seier Dr. Nguyen Huu Dung, frå University of Fisheries.

Dei vietnamesiske forskingsinstitusjonane har allereie etablert samarbeid med andre land, mellom anna mange asiatiske land, pluss Danmark, Australia og NTNU i Noreg.

- No håpar vi på eit samarbeid med Universitetet i Bergen, sidan vi har mange felles faglege interesser innanfor akvakultur, fiskesjukdommar og forebygging, seier Dr. Nguyen Huu Dung


SISTE 20 NYHETER

• UiB får skryt for kvalitetssikringa (8.2.2007)
• Coverlåter, menn og skeiv teori (7.2.2007)
• Vant fotballturnering med god margin (7.2.2007)
• Uklart vann gir lite fisk (7.2.2007)
• Kjempeinvestering i unge kapasiteter (6.2.2007)
• Ellen Meyer Hoff vant ukens quiz (5.2.2007)
• God kjemi gir attraktiv avtale (5.2.2007)
• Dei første Nilforskarane på plass (5.2.2007)
• I snakkehjørnet: Anne-Hilde Nagel (5.2.2007)
• Klimadommen er klar (2.2.2007)
• Prisutdeling på forskarskolen i klinisk medisin (2.2.2007)
• Urolig for klinikkens fremtid (2.2.2007)
• Fredagsquiz uke 5 (2.2.2007)
• Å rappe om seg sjølv (1.2.2007)
• Tydeligere kriterier for søknadsstøtte fra UiB (1.2.2007)
• I verktøykassen: Varmebord til malerikonservering (31.1.2007)
• Hvem skal sikre forskningstiden? (30.1.2007)
• Kraft vant fredagsquizen (29.1.2007)
• Henry Valen 1924-2007 (29.1.2007)
• Vil gjøre ansatte og studenter miljøbevisste (29.1.2007)

Arkiv