17.9.2001
UiB under lupa denne veka
Komitéen som skal gjennomføra den eksterne UiB-evalueringa vitjar universitetet denne veka. Frå måndag 17. til torsdag 20. september skal komitéen møta over 100 representantar for ulike delar av institusjonen - både tilsette, studentar og Kollegiet.
Av Kristin Hjertaker
Frå før er det gjennomført ei omfattande intern evaluering som har vore leia av ei styringsgruppe med prorektor Sigmund Grønmo i spissen. Rapporten deira er å finna på http://www.uib.no/evaluering.
Det er Kyrkje-, utdannings og forskingsdepartementet som har vedteke at UiB og dei andre universiteta skal evaluerast, og det er Norgesnettrådet som står for gjennomføringa. Sekretariatet ved UiB er lagt til Forskings- og utdanningsavdelinga ved avd.direktør Edmund Utne og rådgjevar Lars Helge Nilsen.
Måndag er det Mat.nat.fakultetet, Bergen museum og Universitetsbiblioteket som møter den eksterne komitéen, tysdag er det HF-, SV- og Juss sin tur, medan mesteparten av onsdagen er sett av til helsefakulteta. Torsdag møter komitéen mellom anna Det akademiske kollegium og representantar for eksterne brukarar av UiB, som til dømes media.
Forutan desse "rundebordsmøta" får komitémedlemene med seg besøk til nokre av fagmiljøa, til dømes til Senter for internasjonal helse på onsdag.
Resultatet av den eksterne delen av institusjonsevalueringa vert truleg lagt fram for Kollegiet i desember.
|