UiB På Høyden
Nettavis for Universitetet i Bergen - fredag 9. februar 2007
17.9.2002
IT-tenestene betre enn ryktet sitt

Skriv ut artikkelen

Kommentar til redaksjonen

Tips en bekjent om denne saken

Relevante lenker
IT-tenestene ved UiB er litt betre enn gjennomsnittet for norske universitet og dei er litt meir kostnadseffektive. Samanliknar ein med industristandard er likevel kvaliteten på IT-tenestene i universitetssektoren svært låg.

Av Hilde Kvalvaag

Transcendentgroup har gjennomført ei grundig evaluering av IT-organisering, IT-kostnader og opplegg for drift og brukarstøtte sentralt og lokalt ved UiB. Kollegiet vart orientert om rapporten på møtet 12.09. Trancendentgroup kjem med tilrådingar om ei rekke tiltak for betre organisering og gjennomføring av IT-tenestene. Samanlikna med andre universitet gjer ikkje UiB det dårlig. UiB ligg som nummer fem på total kvalitet, av tretten universitet som er med i samanlikninga. Av desse er fire norske universitet og ni svenske. Myten om at UiB har dyre og dårlege IT-tenester har dermed fått ei sprekk. UiB sin totalkvalitet er likevel låg i forhold til mange andre verksemder, og langt under det som er ynskjeleg for industristandard for IT-kvalitet.

Tenestene kan forbetrast

IT-direktøren trur ikkje det er realistisk eller naudsynt at UiB skal koma opp på industristandard, men at ein ved kontinuerleg forbetring kan levera IT-tenester av høgre kvalitet enn i dag.

Prisane på trådlaust utstyr dalar no kraftig og ein er einige om at dette er framtida, men Tor Bu og IT-avdelinga er avventande til rask og einsidig satsing på slik teknologi:

– Det er viktig at ikkje UiB ukritisk satsar på alt som er nytt, som til dømes alt som no blir tilbudt av trådlaust utstyr. Av ressursomsyn må vi diverre seia nei til mykje. Når det gjeld det trådlause utstyret så har mykje av dette enno for dårleg sikkerheit. Vi er samde i mykje av den konstruktive kritikken i rapporten, sa Tor Bu, som er glad for å ha fått stadfesta at UiB trass alt leverer tilfredsstillande IT-tenester innan dagens ressursramme.

IKT-strategiutvalet har frist til 1. desember i år med å leggja fram forslag om ny IKT-strategi for perioden 2003 til 2006.


SISTE 20 NYHETER

• Vil gi økonomisk gevinst for å ansette kvinner (9.2.2007)
• Fredagsquiz uke 6 (9.2.2007)
• 60 millioner til klimaforskning (9.2.2007)
• UiB får skryt for kvalitetssikringa (8.2.2007)
• Coverlåter, menn og skeiv teori (7.2.2007)
• Vant fotballturnering med god margin (7.2.2007)
• Uklart vann gir lite fisk (7.2.2007)
• Kjempeinvestering i unge kapasiteter (6.2.2007)
• Ellen Meyer Hoff vant ukens quiz (5.2.2007)
• God kjemi gir attraktiv avtale (5.2.2007)
• Dei første Nilforskarane på plass (5.2.2007)
• I snakkehjørnet: Anne-Hilde Nagel (5.2.2007)
• Klimadommen er klar (2.2.2007)
• Prisutdeling på forskarskolen i klinisk medisin (2.2.2007)
• Urolig for klinikkens fremtid (2.2.2007)
• Fredagsquiz uke 5 (2.2.2007)
• Å rappe om seg sjølv (1.2.2007)
• Tydeligere kriterier for søknadsstøtte fra UiB (1.2.2007)
• I verktøykassen: Varmebord til malerikonservering (31.1.2007)
• Hvem skal sikre forskningstiden? (30.1.2007)

Arkiv