19.10.2001
Rektor om Kristin Clemet: Ei ryddig og driftig dame
– Det blir spennande med Kristin Clemet som statsråd for utdanning og forsking. Ho er ei ryddig og driftig dame, seier rektor Kirsti Koch Christensen til På Høydene.
Av Kristin Hjertaker
At den erfarne høgrepolitikaren Kristin Clemet ville få ein plass i den nye regjeringa, har vore klart ei tid. Men det var lenge usikkert kva for post ho skulle få. Ho har brei erfaring frå politikken, både som stortingsrepresentant og kommunal- og arbeidsminister i 1989/90.
Rektor Kirsti Koch Christensen ser fleire utfordringar for UiB og sektoren elles i høve til den ferske forskings- og utdanningsministeren.
– Ei av dei største utfordringane våre blir å forsvara grunnforskinga, og å fremja synet på forsking og utdanning som eit heilt uunnværleg kulturgode, seier Koch Christensen.
Kristin Clemet kjem frå stillinga som viseadministrerande direktør i NHO, og har utdanninga si som siviløkonom frå NHH.
|