UiB På Høyden
Nettavis for Universitetet i Bergen - fredag 16. november 2007
27.11.2002
Ingen jubel for budsjettforlik


Prorektor ved UiB, Rune Nilsen, er ikkje nøgd med budsjettforliket. (Foto:arkiv)

Skriv ut artikkelen

Kommentar til redaksjonen

Tips en bekjent om denne saken

Relevante lenker
Budsjettforliket i Stortinget gir manglande løns- og priskompensasjon til UiB og dei andre universiteta. For UiB tyder dette omlag 30 millionar mindre enn forventa. Dette kan gje fortsatt økonomiske problem for nokre av fakulteta - og vanskar med iverksetting av Kvalitetsreformen.

Av Hilde Kvalvaag

Den manglande løns- og priskompensasjonen gjev heile universitetssektoren 140 millionar i manko. Leiinga ved UiB er svært misnøgde med denne prioriteringa i statsbudsjettet.

– Vi kjenner ein absolutt og direkte skuffelse over at vi i universitetssektoren blir behandla annleis enn høgskulane. Dette er svært smerteleg i forhold til det vi står oppe i når det gjeld Kvalitetsreformen, seier prorektor ved Universitetet i Bergen, Rune Nilsen.

Noreg brukar minst på forsking

UiB-leiinga er også skuffa over at bevilgningane til forsking og utvikling ikkje kjem monaleg nærare OECD-snittet som er det uttalte målet før 2005.

– Eg har i den seinare tid møtt mange europeiske kolleger og diskutert forsking med dei, mellom anna frå dei andre nordiske landa. I nesten alle land brukar dei langt større andel av BNP på forsking, forskarutdanning og høgare utdanning enn vi gjer. Ut i frå statsbudsjettet som no ligg føre er det heilt klart at Noreg heller ikkje no tar konsekvensen av at vi ynskjer å bli eit kunnskapssamfunn. Vi er underfinansiert på forsking, utdanning og forskarutdanning, og vi kan slå fast at vi har endå ei regjering som ikkje har skjøna at kunnskapssatsing er den viktigaste ressursen i åra som kjem - og ikkje ser potensialet som ligg her, seier Nilsen.

Ikkje store endringar

Om ein samanliknar med regjeringa sitt opphavlege forslag til statsbudsjett for 2003 kom forskingsløyvingene frå budsjettforhandlingane med mindre kutt. Det er miljøforskning som blir hardast ramma av desse kutta.


SISTE 20 NYHETER

• I snakkehjørnet: Gunnar Danbolt (16.11.2007)
• Fredagsquiz uke 46 (16.11.2007)
• Føler ikke ansvar for klimaendringene (16.11.2007)
• Mishandlede kvinner mister seg selv (15.11.2007)
• Kvinners undervisningstid har økt mest (15.11.2007)
• Setter standard innen systemdynamikk (15.11.2007)
• Klart for nytt klimasenter (14.11.2007)
• Med sans for ”bad ass”- jenter (13.11.2007)
• Når hjernen misser grepet (13.11.2007)
• Johnsen vant quizen (12.11.2007)
• Ny PET - drømmemaskin på vei (12.11.2007)
• Plankton kan ta toppen av CO2-utslippene (12.11.2007)
• Pengegåve til nytt klimasenter (9.11.2007)
• Herpes forsterker HIV-epidemien (9.11.2007)
• Fredagsquiz uke 45 (9.11.2007)
• Kommersialiseringspris til biomedisinere (8.11.2007)
• Omstridt 200-åring (7.11.2007)
• Forskere forvirret av fleksitid (7.11.2007)
• Skal evaluere instituttlederordningen (6.11.2007)
• Vil ha annerledes forskning på fattigdom (6.11.2007)

Arkiv