UiB På Høyden
Nettavis for Universitetet i Bergen - torsdag 8. februar 2007
NEWS IN ENGLISH
No messages...

Archive
NYE BØKER
Ingen meldinger...

Arkiv
NOTISER
Ingen meldinger...

Arkiv
29.10.2004
Styringsformer ut på høyring


Universitetsdirektør ved UiB, Kåre Rommetveit. (arkivfoto)

Skriv ut artikkelen

Kommentar til redaksjonen

Tips en bekjent om denne saken

Relevante lenker
Spørsmålet om styrings- og leiingsformer går no ut på høyring ved Universitetet i Bergen, etter at Universitetsstyret vedtok å utsette saka på siste møte.

Av Njord V. Svendsen

Dermed får fagleg tilsette og studentar ei ny mulegheit til å påverke vedtaka som skal gjerast i styret.

Det er særleg spørsmålet om rektor i framtida skal veljast eller tilsetjast som har vekt strid. 13 prominente professorar ved UiB sendte før siste møte eit brev til styret med krav om fagleg valt rektor.

Samstundes konkluderte styret på sitt siste møte i oktober med at meir diskusjon var nødvendig før ein kunne gjere vedtak om leiingsformer ved fakultet og institutt. Heile saka om styrings- og leiingsformer ved UiB vart derfor utsett til neste møte 25. november.

No går spørsmålet ut på høyring til fakulteta, Bergen Museum, Universitetsbiblioteket og Studentrådet, med eit tilleggsnotat frå universitetsdirektør Kåre Rommetveit.

Tar høgde for framlegg

I notatet slår direktøren igjen fast at UiB prinsipielt går inn for valt rektor. Han held likevel fast ved at ein må ta høgde for at framlegget til ny universitets- og høgskulelov kan bli vedtatt i si noverande form i Stortinget neste år. Det vil i så fall innebere at styret skal ha ekstern leiar og utpeikast av Utdannings- og forskingsdepartementet (UFD), medan rektor går ut av styret og blir administrativ leiar. Det skaper eit problematisk legitimitetsgrunnlag for ein eventuelt valt rektor, slik Rommetveit ser det. ”Universitetsdirektøren ser imidlertid at ordleggingen i vedtaksforslaget kan gjøres mer presis”, heiter det i notatet.

Når det gjeld institutta argumenterer universitetsdirektøren for ”en større grad av profesjonell faglig ledelse på instituttnivå”. Han peikar blant anna på at ordninga med valde leiarar ikkje har vore god nok, særleg ikkje i forhold til oppfølgjing av personale. Internasjonale evalueringer dei siste ti åra har dessutan peikt på manglande fagleg leiing, noko som ifølgje direktøren er stadig meir påkrevd, ikkje minst på grunn av nye finansieringsordningar for forskinga.

Vil ha tilpassing

Professoroppropet som kom styret i hende før siste styremøte krev val på rektor, uansett utfall i handsaminga av ny universitetslov i Stortinget. Ifølgje professorane vil kun ein valt rektor ha tilstrekkeleg legitimitet. Dette synspunktet har blitt imøtegått av mellom andre professor Johan Giertsen ved Juridisk fakultet, som meiner UiB kan ende med uklare ansvarsforhold dersom lovframlegget blir vedtatt i Stortinget.

Sjølv om lovframlegget skal opp i Stortinget først neste år, har UFD i eit brev alt bede universiteta om å tilpasse seg ei ny lov og ta stilling til rektorspørsmålet, noko som hausta krass kritikk frå Forskerforbundet.

Høyringsfristen ved UiB er 10. november.


SISTE 20 NYHETER
Ingen nyheter...

Arkiv

LESERBREV
Ingen meldinger...

Arkiv