|
|
|
 |
|
30.10.2001
9 vidare til andre SFF-runde
Ni forskingsmiljø ved Universitetet i Bergen har gått vidare til andre søknadsrunde i konkurransen om å bli senter for framifrå forsking (SFF).
Av Hilde Kvalvaag Bang
Resultatet av den første søknadsrunden var klart mandag 29.oktober. Hovudstyret for Forskningsrådet har plukka ut 40 av 129 prosjekt. Desse er no invitert til å delta i den andre og endelige søknadsrunden der det til slutt skal etablerast 10 senter. Av dei førti prosjekta som framleis er med har UiB altså fått 9, 10 om ein inkluderer eit prosjekt frå Nansensenteret. Av søknadane som gjekk vidare var 6 frå mat-nat miljø, to frå HF og eit frå helsefag/psykologi. Ingen av søknadane frå dei medisinske fagmiljøa ved UiB gjekk vidare. Medan SV-miljøa ikkje har fått søknader videre ved nokre av universiteta. Dei einaste SV-relaterte søknadene som har gått videre til andre søknadsrunde kom frå NHH/SNF og Fredsforskningsinstituttet i Oslo.
Universitetet i Oslo fekk også 9 søknader gjennom det første nålauga, det same fekk NTNU. Medan NHH har fått ein og SNF to søknader vidare til siste runde.
GledelegRektor ved Universitetet i Bergen, Kirsti Koch Christensen er svært nøgd med resultatet for UiB sin del.
– Vi tykkjer verkelig det er gledelig at så mange av våre går videre til neste runde. Vi er klar over at det blir naudsynt med institusjonell støtte, både økonomisk og andre måtar og vi skal gjera kva vi kan for at UiB skal få så mange senter for framifra forsking som mogleg, seier Koch Christensen. Ho legg til at ein ved UiB også hadde håpa at også medisin og samfunnsfag skulle vera representert blant dei som gjekk vidare, men meiner trass i dette at UiB samla sett fekk eit godt resultat.
Dekanus ved HF-fakultetet, Tore Grønlie, seier at han er imponert over fagmiljøa ved HF som har gått vidare.
– Vi har vore klar over at dette er svært sterke miljø, med ein sterk internasjonal profil. Desse miljøa bygger på samarbeidskonstellasjonar som har vore verksame ei god stund. Dei har erfaringar frå denne typen samarbeid som gjer at dei naturleg høyrer heime i ein slik samanheng som dei planlagte sentra, seier Grønlie som er glad for at HF ved Universitetet i Bergen får to av fire prosjekt på landsbasis. Men, dette er det miljøa sjølve som skal ha æra for og ikkje vi, avsluttar Tore Grønlie.
God utteljing for bergensregionenAvdelingsdirektør ved Forskings- og utdanningsavdelinga, Kristen Haugland meiner ein bør merka seg at universiteta etter første søknadsrunde står fram som dei sentrale forskingsinstitusjonane. Han framhevar også at resultatet så langt er svært positivt for bergensregionen. – Bergen har verkeleg markert seg. Til dømes gjorde NHH og SNF det svært bra. Eg tykkjer dette er eit særs godt resultat for heile regionen, fremhever Haugland.
Han meiner vidare at UiB no har fått ei vurdering av ei rekkje av sine fremste fagmiljø som kan leggjast til grunn når ein skal vurdera den videre utviklinga.
– Her er nok av utfordringer å ta tak i, ikkje minst for nokre av dei sentrale fagmiljøa på medisin og samfunnsfag som ikke nådde opp i denne runden.
Dei 40 søknadene som har passert nålauga i første runde er valt ut etter ei omfattende vurdering. Der har internasjonale eksperter uttalt seg med tanke på vitskapleg kvalitet. I tillegg er dei også vurdert etter nærings- eller samfunnsmessig nytteverdi. Dei 40 som går videre, skal no utvikla søknaden sin ytterlegere med tanke på den nye vurderingsrunden. Søknadsfristen i den andre runden er 11. januar 2002.
Dei som kom vidareProfessor Sverre Bagge «Receiving, Importing or Producing Culture? Periphery and Centre in Medieval Europe» Professor Daniel Chourrout «The SARS International Centre for Marine Molecular Biology», Professor Erling Hammer «Centre of Excellence in Multiphase Systems» Professor Tor Helleseth «Centre of Excellence in Coding Theory and Cryptology» Professor Kenneth Hugdahl «The University of Bergen Mental Health Research Centre: Exploring the Psychobiology of Serious Mental Disorders» Professor Eystein Jansen «The Bjerknes Centre for Climate Research» Professor Arne Skauge «A Centre of Excellence for Integrated Petroleum Research» Professor Tron Frede Thingstad «Marine Pelagic Food Web Centre» Professor Einar Thomassen «Centre of Excellence for the Study of Religious and Cultural Encounters in Christian Antiquity»
|
|
|
|