Universitetet i Bergen
: ELINE : Veiledning
Generelt om Vevsider
Internett tyder eigentleg eit nett som bind saman andre nett. Ordet kom alt rundt 1968, då ein skulle binde saman forskingsnett og militære nett i USA. Uninett i Noreg var ein av dei første utafor USA som var med på dette. Vi finn igjen ordet i forkortinga IP (Som tyder Internet Protocol). Vi kjenner IP-nummer (unike nummer for som identifiserer alle maskiner som er kobla til Internett), og TCP/IP, som er den vanlegaste protokollen vi nyttar på Internettet. Dei siste åra har ordet "Internett" byrja bli synonymt med "Verdsveven" ( som er navnet vi her vil bruke på World Wide Web, eller WWW). Eigentleg er det ikkje heilt rett, av di vi også har andre tenester som nyttar Internett. Her kan vi nemne:
Det er egna til å forvirre oss at mange av desse tenestene er tilgjengelege via nettlosane (web-browserane) som Netscape og Internet Explorer. Den eigentlege verdsveven, er dei stadene vi brukar adresser som byrjar med "HTTP:". Sjå meir om dette i neste delen. |
![]() ![]() Sist oppdatert 21.09.1999 av ELINE. Kommentarer til denne siden. |