Organisasjonsteori

Fakta om studiet

EmnekodeAORG101
Studiepoeng15
UndervisingssemesterVår, Haust
Undervisingsspråk
Norsk
Antall semester1
Ressursar
TilhørerInstitutt for administrasjon og organisasjonsvitenskap

Kontakt

Kontaktinformasjon

studieveileder@aorg.uib.no

Mål og innhald

Den verda vi lever i er gjennomorganisert - vi lever og døyr i meir eller mindre formelle organisasjonar. Å kunne analysere ulike organisasjonsmønstre og -prosessar er grunnleggjande for å kunne forstå korleis avgjerder fattast og korleis vi påverkast og påverkar som enkeltborgarar, konsumentar og som grupper. Innanfor ein statsvitskapleg ramme vert organisering ein viktig forklaringsfaktor for korleis samfunnet styrast og dermed eit viktig studieobjekt. I økonomisk samanheng er organisasjonsutforming viktig for effektivitet og nyskaping og kulturelle og religiøse strømmingar uttrykkjast gjennom organisasjonar.

Kurset skal gi oversikt over grunnleggjande omgrep og ulike teoretiske retningar i studiet av organisasjonar og gi innsikt i korleis organisasjonsteoriar kan tene som reiskap for å kunne analysere offentlege så vel som private organisasjonar. Ein skal øvast i å bruke ulike innfallsvinklar til analysane og kunne vise kritisk sans og sjølvstende i val av omgrep og metodar.

Emne for kurset vil mellom andre vere følgjande:

  • Korleis fungerer byråkrati og kva er dei samfunnsmessige føresetnadene for byråkratisering?
  • Kva kjenneteiknar ekspertorganisasjonar og organisasjonar som gir rom for entreprenøreigenskapar?
  • Kva slags muligheiter og avgrensingar ligg i organisering i grupper og såkalla team?
  • Korleis skiljar offentleg sektor seg frå privat sektor når det gjeld oppgåver, organisasjonsformer, leiing og ytre arbeidsføresetnader?
  • Korleis kan ulike måtar å organisere på fremje bestemte formål og gruppeinteresser og stenge andre ute?
  • Korleis kan vi forstå den såkalla postmoderne verden med nettverk, virtuelle organisasjonar og sosiale medier i organisasjonsteoretisk samanheng?
  • Kva slags former for leiing kan ein identifisere og korleis samverkar leiingsformer med organisasjonstypar, sektoreigenskapar og eigenskapar ved nasjonale kulturar?

Kurset gir ein oversikt over moderne og postmoderne perspektiv på organisasjonar. Cases og dømetilfang blir henta frå ulike samfunnsfelt og arbeidslivsområde. Kurset er organisert ut frå følgjande temainndeling: Del 1: Introduksjon til studiet av organisasjonar, med presentasjon av "klassiske" idear om organisering og ein oversikt over ulike analysemodellar. Del 2: Presentasjon av sentrale organisasjonsteoretiske omgrep og prosessar. Det vert lagt særleg vekt på ulike styrings - og leiingsformer. Del 3: Sentrale problemstillingar og tema i studiet av organisasjonar med vekt på kultur, samfunn og offentleg sektor som kontekst for teori, organisasjonsformer og handling.

Læringsutbyte/resultat

Etter å ha gjennomført emnet skal studenten kunne:

  • gjere greie for omgrep og ulike teoretiske retningar i studiet av organisasjonar.
  • Gjere greie for ulike typar organisasjonar og kunne vite kva slags leiarskap som er mest sannsynleg i kvar av typane.
  • Gjere ein elementær klassifisering og analyse av organisasjonar
  • Finna ut av korleis den kulturelle og samfunnsmessige konteksten verkar inn på organisering og leiarskap.

Undervisningssemester

Haust/Vår

Eksamenssemester

Haust/vår

Studienivå

Bachelor

Krav til studierett

Ope emne

Krav til forkunnskapar

Generell studiekompetanse eller opptak på bakgrunn av realkompetanse

Tilrådde forkunnskapar

AORG100

Undervisning og omfang

Førelesningar og seminar. Det vert omkring 12-16 førelesningar og 8-12 seminarsamlingar.

Obligatoriske arbeidskrav

Gruppeoppgåve. Obligatorisk arbeidskrav som er godkjende har inga tidsavgrensing.

Vurderingsformer

Ei veke (7 dagar) heimeeksamen (3000-3500 ord) og fire timer skuleeksamen (1/3 + 2/3) Samla karakter vil bli gitt.

Karakterskala

Karakterskala A-F

Emneevaluering

Emne vert evaluert kvart 3. studieår.