Politisk teori og styreformar

Fakta om studiet

EmnekodeAORG104
Studiepoeng15
UndervisingssemesterVår
Undervisingsspråk
Norsk
Antall semester1
Ressursar
TilhørerInstitutt for administrasjon og organisasjonsvitenskap

Kontakt

Kontaktinformasjon

studieveileder@aorg.uib.no

Mål og innhald

Kurset tar utgangspunkt i vestleg politisk tenking i høve til ei kompleks moderne verd der ulike interesser, verdisyn, demokratisyn og rettferdsoppfatningar står imot kvarandre. Er det i ein slik situasjon mogleg å etablere styreformer og avgjerdsprosedyrar som kan aksepterast av folk flest og som ikkje verkar undertrykkjande på nokon? Har politikk noka meining? Kva for konkrete kriterium kan nyttast for å vurdere eksisterande ordningar for kollektiv avgjerdstaking? Korleis kan framveksten av dei eksisterande styringsordningane, og konfliktar knytt til denne framveksten, bli forstått og forklart?

Kurset gir ein introduksjon til omgrep og idear innan politisk teori, demokratiteori og politisk analyse, og svarer til innføring i politiske teori innan statsvitskaplege fag. Særleg vil moderne demokratiproblem bli vektlagt og studentane skal setjast i stand til å kritisere og analysere ulike styreformer, inkludert vår eiga. Målet er å kritisk kunne analysere ut frå ulike teoretiske og normative posisjonar. Studentane skal kunne bruke dette i arbeidet med praktiske samfunnsvitskaplege problemstillingar, dels for å kunne formulere interessante problemstillingar, dels for å forstå grunngjevinga, og for å vere i stand til å stille seg kritisk til eksisterande politiske prosessar og strukturar.

Læringsutbyte/resultat

Etter å ha gjennomført emnet skal studenten kunne:

  • Gi ei oversikt over den grunnleggjande oppbygginga av liberale demokrati og grunngjeving knytt til det politiske systemet, den utøvande makta, rettsstaten, det sivile samfunnet, den offentlege sfæren, velferdsstaten og marknaden.
  • Gjere greie for sentrale omgrep og kritikk knytt til det normative grunnlaget for den demokratiske rettsstat.
  • Forstå og kritisk analysere institusjonelle strukturar, argumentasjonsformer og aktuelle politiske prosessar i eit demokrati.
  • Gjere kritiske vurderingar av kollektiv avgjerdstaking der ulike instrumentelle, moralske og etiske ønskjer eller oppfatningar står mot kvarandre.
  • Skilje mellom rettar knytt til den private og den offentlige autonomi

Undervisningssemester

Vår

Eksamenssemester

Vår

Institutt

Institutt for administrasjon og organisasjonsvitenskap

Krav til studierett

Ope for studentar med studierett ved UiB

Krav til forkunnskapar

Generell studiekompetanse eller opptak på bakgrunn av realkompetanse.

Tilrådde forkunnskapar

AORG100

Undervisning og omfang

Førelesningar og seminar. Det vert omkring 12-16 førelesningar og 8-12 seminarsamlingar.

Obligatoriske arbeidskrav

Obligatorisk arbeidskrav i form av ei oppgåve som må vere godkjent før eksamen kan avleggast. Arbeidet med oppgåva vert organisert i seminargrupper. Obligatorisk arbeidskrav som er godkjende har inga tidsavgrensing.

Vurderingsformer

4 timar skriftleg eksamen

Karakterskala

Karakterskala A-F

Emneevaluering

Emnet vert evaluert kvart 3. studieår.