Politisk styring og organisering

Fakta om studiet

EmnekodeAORG209
Studiepoeng15
UndervisingssemesterVår, Haust
Undervisingsspråk
Norsk
Antall semester1
Ressursar
TilhørerInstitutt for administrasjon og organisasjonsvitenskap

Kontakt

Kontaktinformasjon

studieveileder@aorg.uib.no

Mål og innhald

Emnet skal formidle meir inngåande kjennskap til forsking innan utvalte hovudtema i studiet av forholdet mellom politikk og organisasjon. Undervisninga skal gje innsikt i forsking, funn og tolkingar i studiet av politisk styring, makt og demokrati, og styrke di evne til å nærma deg problemstillingar omkring desse tema på ein sjølvstendig og kritisk måte. Emnet skal gi deg eit betre fagleg grunnlag for fordjuping og spesialisering, mellom anna for arbeidet med bacheloroppgåva.

Sentralt i emnet står forholdet mellom politikk og organisasjon slik dette artar seg på ulike styringsnivå: på lokalt, nasjonalt og overnasjonalt nivå og i relasjonar mellom dei ulike nivåa. Det vert fokusert på ulike organisasjons- og reguleringsformer, dei kunnskapsmessige føresetnader som politisk styring er tufta på og konsekvensar av desse.

Læringsutbyte/resultat

Etter å ha gjennomført emnet skal studenten kunne:

  • gjere greie for politiske institusjonar, politisk styring og regulering og i ulike former for politisk organisering.
  • Utvise forståing for nye former for politisk makt, organisering og styring i ulike samfunn og oversikt over nyare forsking, tenkjemåtar og debatter i studiet av politikk.
  • Studenten skal kunne sjå kva teoriar om innovasjon og læring ein bygger på i ulike former for offentleg og privat verksemd Kjenne att teoriar om læring og innovasjon i offentleg og privat verksemd.
  • Bruke, gjennom obligatorisk essay, den teoretiske kunnskapen til drøfting og analyse av ulike former for politisk styring og organisering.

Undervisningssemester

Vår og haust

Eksamenssemester

Vår og haust

Institutt

Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

AORG101, AORG104 og AORG103/AORG105/AORG107

Undervisning og omfang

Førelesning og seminarsamling

Om lag ei førelesing i veka. Nokre veker er førelesninga i seminarform.

Om lag 12 - 16

Omkring 14 samlingar

Obligatoriske arbeidskrav

Godkjent obligatorisk essay inntil 2000-3000 ord, par-essay 3000-4000 ord. I tilknyting er essayet det og ei obligatorisk munnleg presentasjon og kommentering av ein anna student sin presentasjon. Godkjend arbeidskrav har inga tidsavgrensning.

Vurderingsformer

4-timar skuleeksamen

Karakterskala

Karakterskala A-F

Emneevaluering

Emnet vert evaluert kvart 3. studieår