Organisasjonsteori

Fakta om studiet

EmnekodeAORG210
Studiepoeng15
UndervisingssemesterVår, Haust
Undervisingsspråk
Norsk
Antall semester1
Ressursar
TilhørerInstitutt for administrasjon og organisasjonsvitenskap

Kontakt

Kontaktinformasjon

studieveileder@aorg.uib.no

Mål og innhald

Emnet skal formidle meir inngåande kjennskap til forsking innan utvalte sentrale hovudtema i organisasjons- og institusjonsteori med fokus på analyse av organisasjon og tiltak i ulike sektorar i samfunnet. Emnet skal ytterlegare styrkje dine evner til å leggja ulike teoretiske perspektiv, samt fremje sjølvstendig tenking å andsynes organisasjonsproblem og organisasjonsløysingar. Emnet skal gi deg eit betre fagleg grunnlag for fordjuping og spesialisering, mellom anna for arbeidet med bacheloroppgåva.

Emnet skal kaste lys over nyare organisasjonstenking, og korleis denne har nedfelt seg i ulike organisasjonsformer og organisasjonsmåtar. Undervisninga er basert på ein kombinasjon av sentrale artiklar og empirisk orienterte studiar.

Emnet byggjer på AORG101 Organisasjonsteori og etablerar nye kategoriseringar og nye måtar å forstå organisatoriske strukturer og prosessar på.

Læringsutbyte/resultat

Etter å ha gjennomført emnet skal studenten kunne:

  • Gi ei oversikt over forsking innanfor utvalte sentrale hovudtema i organisasjons- og institusjonsteori med fokus på analyse av organisasjon og tiltak i ulike sektorar i samfunnet.
  • gjere greie for nyare organisasjonstenking og korleis denne har nedfelt seg i ulike organisasjonsformer og organisasjonsmåtar.
  • Bruke, gjennom obligatorisk essay, den teoretiske kunnskapen til drøfting og analyse av utvalde tema innan organisasjons- og institusjonsteori.

Undervisningssemester

Vår og haust

Eksamenssemester

Vår og haust

Institutt

Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

AORG101

Fagleg overlapp

Ingen

Undervisning og omfang

Førelesning og seminarsamling

Om lag ei førelesing i veka. Nokre veker er førelesninga i seminarform.

Om lag 12 - 16

Omkring 14 samlingar

Obligatoriske arbeidskrav

Godkjent obligatorisk essay inntil 2000-3000 ord, par-essay 3000-4000 ord. I tilknyting er essayet det og ei obligatorisk munnleg presentasjon og kommentering av ein anna student sin presentasjon. Godkjend arbeidskrav har inga tidsavgrensning.

Vurderingsformer

4-timers skuleeksamen

Karakterskala

Karakterskala A-F

Emneevaluering

Emnet vert evaluert kvart 3. studieår.