Mål og innhald
Målet med bacheloroppgåva er å gi deg ei forståing av korleis teoretiske perspektiv og empirisk materiale vert knytt saman i eit forskingsarbeid, og å gi deg trening i å utarbeide eit sjølvstendig skriftleg arbeid under rettleiing.
Bacheloroppgåvekurset er innhaldsmessig fokusert kring sentrale aspekt ved oppgåveskriving:
- Formelle krav: Korleis ser ei bacheloroppgåve ut? Kva formelle krav vert stilt?
- Problemstillingar knytt til sjølve skriveprosessen. Korleis går ein fram for å skrive oppgåva? Kurset skal munne ut i eit sjølvstendig skriftleg arbeid.
Oppgåvetema og problemstilling for bacheloroppgåva skal ha sitt utgangspunkt i eit av dei tematiske fordjupingsemna på 200-nivå som det til ei kvar tid vert undervist i ved instituttet. Dersom studenten ikkje føljer slik undervisning så kan det etter søknad bli opna for unntak, men då i samråd med instituttet.
Læringsutbyte/resultat
Etter å ha gjennomført emnet skal studenten kunne:
- Gjennomføre, med utgangspunkt i relevant litteratur på faget, eit vitskapleg resonnement og strukturere eit forskingsarbeid innafor ramma av ein vitskapleg sjanger.
- Formulere ei klar og avgrensa fagleg problemstilling,
- Klargjere sentrale omgrep og gjere greie for teoretiske grunnlag og empirisk kunnskap på ein sjølvstendig og reflektert måte.
- Argumentere og nytte eit materiale og trekkje rimelege konklusjonar i forhold til problemstillinga på grunnlag av den teori, metode og det datagrunnlaget som er valt.
Undervisningssemester
Vår og haust
Eksamenssemester
Vår og haust
Institutt
Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap
Krav til forkunnskapar
Ingen
Fagleg overlapp
10 studiepoeng mot AORG202
Undervisning og omfang
Førelesingar, rettleiingsseminar og individuell rettleiing.
Omfanget kan variere med talet på oppmelde studentar. Semesterplan blir offentleg ved semesterstart.
Obligatoriske arbeidskrav
Studentane skal leggja fram eit skriftleg utkast til bacheloroppgåve og kommentera eit tilsvarande utkast frå ein medstudent på rettleiingsseminaret.
Godkjende obligatoriske arbeidskrav er gyldige i det aktuelle eksamenssemesteret samt påfølgjande eksamenssemester.
Vurderingsformer
Individuell skriven innlevering av bacheloroppgåve ( 5500-6000 ord, ca 20 sider)
Karakterskala
Karakterskala A-F
Emneevaluering
Emnet vert evaluert kvart 3. studieår.