Organisasjon og politikk

Fakta om studiet

EmnekodeAORG320
Studiepoeng15
UndervisingssemesterHøst
Undervisingsspråk
Norsk og engelsk
Antall semester1
Ressursar
TilhørerInstitutt for administrasjon og organisasjonsvitenskap

Kontakt

Kontaktinformasjon

studieveileder@aorg.uib.no

Mål og innhald

Føremålet med emnet er å hjelpe deg til å forstå og analysere forholdet mellom organisasjon og offentleg politikk på ein sjølvstendig og kritisk måte. Utvalte teoritradisjonar og diskursar i kvar av desse områda er sentrale, men hovudvekta ligg på den forskingstradisjonen som studerer relasjonar mellom dei. Emnet skal formidle empirisk basert kunnskap om maktforhold i og mellom organisasjonar i ulike sektorar av samfunnet.

Emnet er bygd opp omkring tre sentrale sider ved faget:

  1. Faget sin historie, sentrale tema, teoriforankring og klassiske bidrag,
  2. Organisasjonsteorien sin historiske utvikling og institusjonalisering av ulike skuleretningar og sentrale relaterte diskursar,
  3. Ulike analysetradisjonar og tilnærmingar til studiet av offentleg politikk, makt og organisasjon.

Læringsutbyte/resultat

Etter å ha gjennomført emnet skal studenten kunne:

  • Gi ei oversikt over nyare forsking innan organisasjonsteori og offentleg politikk og korleis desse felta kan kombinerast.
  • Studenten skal kunna utvikla og presentera kritiske vurderingar av fagleg litteratur i gjennom eit undervisningsopplegg som kombinerer førelesingar og seminarformatet som medfører skriving, presentasjon og diskusjon av essays.
  • Drøfte og nytte emnet sitt innhald ved eksamen og arbeidet med masteroppgåva.

Undervisningssemester

Haust

Institutt

Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap

Krav til studierett

Emnet er for studentar som er tatt opp til masterprogrammet i administrasjon og organisasjonsvitskap

Undervisning og omfang

Seminar og førelesingar

Obligatoriske arbeidskrav

Presentasjon av eit kortare essay om eit pensumrelatert tema. I tillegg skal kvar student minst ein gong kommentere eit skriftleg/munnleg framlegg frå ein annan student. Arbeidskravet er gyldig inneverande semester og påfølgjande eksamenssemester.

Vurderingsformer

Ei veke (7 dagar) Heimeeksamen (4500-5000 ord, ca 15 sider) og fire timer skuleeksamen (½ + ½) Samla karakter vil bli gitt

Karakterskala

Karakterskala A-F

Emneevaluering

Emnet vert evaluert kvart 3. studieår.