Metode

Fakta om studiet

EmnekodeAORG321
Studiepoeng15
UndervisingssemesterHøst
Undervisingsspråk
Norsk og engelsk
Antall semester1
Ressursar
TilhørerInstitutt for administrasjon og organisasjonsvitenskap

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for administrasjon og organisasjonsvitenskap

studieveileder@aorg.uib.no

Mål og innhald

Administrasjon og organisasjonsvitskap er karakterisert ved metodepluralisme. På alle nivå legg metodeundervisninga vekt på både vitskapsteori og trening i å velje metode i forhold til problemstilling. Du får høve til å spisse metodekunnskapen din ved å velje blant ulike aktuelle metodar.

Føremålet med emnet er å ta opp grunnomgrep og arbeidsmetodar i faget til diskusjon, fremje innsikt i teoretiske problemstillingar, trene deg i å sjå samanhengen mellom teori og data og å gjere deg i stand til sjølv å kunne utvikle slike samanhengar.

Emnet byggjer på kunnskap om ulike metodiske tilnærmingar og teknikkar tilsvarande det som vert undervist i på MET102 Samfunnsvitskapleg metode. Emnet gir ein vidaregåande framstilling av samanhengen mellom teori og empiri i utvalte områdar. Gjennom eksamensessayet vil du sjølv kunne få høve til å sameine eit forskingsproblem med eit metodisk adekvat forskingsopplegg.

Læringsutbyte/resultat

Etter å ha gjennomført emnet skal studenten kunne:

  • forklare dei grunnleggjande metodiske prinsippa som ligg til grunn for vitskapeleg tekstproduksjon innan faget.
  • Formulere eit forskingsopplegg, analysere og kritisk utlegge forholdet mellom forskingsspørsmål, data, omgrep og teori.
  • Påvise argumentasjonsstrukturen i ein vitskapeleg tekst og evaluere den.
  • Skilja mellom ulike typar forklaringar og fortolkingar.
  • Vere fortrulege med relevansen av positivistiske, hermeneutiske og diskursive forskingstilnærmingar og deira relevans i studiar av organisasjon og politikk med omsyn til å fundere eit vitskapeleg opplegg.

Undervisningssemester

Haust

Eksamenssemester

Haust

Institutt

Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap

Krav til studierett

Emnet er for studentar som er tatt opp til masterprogrammet i administrasjon og organisasjonsvitskap

Krav til forkunnskapar

MET102, eller tilsvarande metodekunnskapar godkjend av instituttet.

Fagleg overlapp

AORG307B - 15 studiepoeng og AORG307A - 10 studiepoeng.

Undervisning og omfang

Førelesingar, rettleiingsseminar og individuell rettleiing.


Obligatoriske arbeidskrav

Presentasjon av utkast til eksamensessay. I tillegg skal kvar student minst ein gong kommentere eit skriftleg/munnleg framlegg frå ein annan student. Arbeidskravet er gyldig inneverande semester og påfølgjande eksamenssemester.

Vurderingsformer

Essay (5500- 6000 ord, ca 20 sider) og 4 timars skriftleg eksamen (2/3 + 1/3)

Karakterskala

Karakterskala A-F

Emneevaluering

Emnet vert evaluert kvart 3. studieår.