Forskingsfelt

Fakta om studiet

EmnekodeAORG323
Studiepoeng15
UndervisingssemesterVår
Undervisingsspråk
Norsk og engelsk
Antall semester1
Ressursar
TilhørerInstitutt for administrasjon og organisasjonsvitenskap

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for administrasjon og organisasjonsvitenskap

studieveileder@aorg.uib.no

Mål og innhald

Emnet skal gi studentane ei substansiell innsikt i kunnskapsstatusen i det forskingsfeltet som dei har valt for si masteroppgåve.

Emnet tek sikte på å gi eit godt startgrunnlag for arbeidet med ei mastergradoppgåve gjennom kritisk analyse og diskusjon av sentral litteratur innafor det forskingsfeltet studenten har valt. Følgjande spørsmål er sentrale: Kva for studiar pregar feltet? Kva for teoriar, metodar og datakjelder vert nytta og korleis vert funn tolka? På denne bakgrunn skal studentane bli i stand til å posisjonere og argumentere for relevansen til sine eigne studiar i ein større samanheng. Studentane skal i tillegg velje ut eit pensum på ca 1000 sider som skal godkjennast av rettleiar.

Læringsutbyte/resultat

Etter å ha gjennomført emnet skal studenten kunne:

  • Ha eit teoretisk grunnlag for arbeidet med masteroppgåva.
  • Vise til sentral litteratur innanfor det valte forskingsfeltet.
  • Gi ei oversikt over relevante teoretiske bidrag som pregar feltet og korleis funn vert tolka.
  • Posisjonere og argumentere for relevansen til masteroppgåva si i ein større samanheng.

Undervisningssemester

Vår

Institutt

Institutt for administrasjon og organisasjonsvitenskap

Krav til studierett

Emnet er for studentar som er tatt opp til masterprogrammet i administrasjon og organisasjonsvitskap

Tilrådde forkunnskapar

AORG320 Organisasjon og politikk og AORG321 Metode

Fagleg overlapp

AORG308B 15 studiepoeng, AORG308A 10 studiepoeng og AORG309 10 studiepoeng.

Undervisning og omfang

Seminar og førelesingar.

Obligatoriske arbeidskrav

Godkjent utkast til paper og oppmøte på skriveverkstad. Arbeidskravet er gyldig inneverande semester og påfølgjande eksamenssemester

Vurderingsformer

Innlevering av ca 15 siders paper ( ca 4500 ¿ 5500 ord)

Karakterskala

Karakterskala A-F

Emneevaluering

Emnet vert evaluert kvart 3. studieår.