Mål og innhald
I utviklinga av masteroppgåva øvast du opp til sjølvstendig vitskapleg arbeid og framstilling.
Masteroppgåva skal handle om eit tema som er relevant for administrasjon og organisasjonsvitskap. Oppgåvetema og problemstilling for masteroppgåva skal ha sitt utgangspunkt i eit av dei tematisk organiserte forskargruppene som til ei kvar tid strukturerer forskings- og seminarverksemda ved instituttet. Det vert forventa at du følgjer forskingsseminaret som forskargruppa organiserer i arbeidet med masteroppgåva. Du pliktar å følje eit av forskarseminara som di forskargruppe organiserar.
Læringsutbyte/resultat
Etter å ha gjennomført emnet skal studenten kunne:
- Gjere greie for heile prosessen for eit forskingsprosjekt.
- Ta sjølvstendige val av tema, problemstilling og hypotesar
- Velje relevant teoretisk og metodisk tilnærming.
- Utvise ei kritisk haldning til bruk av kjelder og informasjon, og opparbeidd evne til sjølvstendig analyse og tolking.
- Nytte seg av akademisk skrivemåte, argumentasjon og referansebruk.
Undervisningssemester
Vår og haust
Eksamenssemester
Vår og haust
Institutt
Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap. I arbeidet med masteroppgåva er det rettleiar som er fagleg ansvarleg.
Undervisning og omfang
Deltaking på forskargrupper og individuell rettleiing.
Obligatoriske arbeidskrav
Presentasjon av utkast til masteroppgåve. Studenten skal minst ein gong pr. semester kommentere eit skriftleg / munnleg framlegg frå ein annan student. Godkjende obligatoriske arbeidskrav er kun gyldige i inneverande semester og må fullførast kvart semester studenten er meld i emnet.
Vurderingsformer
Eksamenssemester:
Masteroppgåva skal leverast i fjerde semester og det er følgjande faste fristar for vår- og haustsemesteret: 1. juni og 1. desember. Innlevering av masteroppgåva på anna tidspunkt må skje etter individuell søknad
Eksamensform:
Innlevering av masteroppgåve. Masteroppgåva skal leverast elektronisk på emnet si heimeside på studentportalen. Innlogging over Mi Side.
Karakterskala
Karakterskala A-F
Emneevaluering
Emnet vert evaluert kvart 3. studieår.