Mot ein historisk arkeologi: Yngre jernalder og mellomalder i Norden og Nord-Europa ca. 570 e.Kr. - 1500 e.Kr.

Fakta om studiet

EmnekodeARK104
Studiepoeng15
UndervisingssemesterVår
Antall semester1
Undervisingsspråk
Norsk og engelsk
Ressursar
TilhørerInstitutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap

Kontakt

Kontaktinformasjon

studierettleiar@ahkr.uib.no

Mål og innhald

Læringsmål
Emnet tek sikte på å: (1) gje ei innføring i samfunnsutviklinga, som er prega av statsdanningar og utvikling av urbane samfunn, (2) kaste ljos over endringar i agrarsamfunnet i denne perioden, (3) vise kva religiøse endringar som skjer, og (4) gje innsikt i tilhøvet mellom materiell kultur og skriftkultur.

Fagleg innhald
Emnet tek for seg sentrale tema i samfunnsutviklinga i Norden og Nord-Europa i tidsrommet yngre jarnalder og mellomalder. Perioden er prega av store samfunnsendringar, med etablering av nye institusjonar som kyrkje og byar, og dei første teikna til statsdanningar. Det skjer ei profesjonalisering av handel, handverk og av andre næringar som til dømes fiske. Samfunnsendringane viser seg også i den materielle kulturen. Med dei nye institusjonane får skriftkulturen innpass, og det skjer i ulik takt i dei ulike regionane. Dette er grunnen til at omgrepet historisk arkeologi ofte blir brukt om denne perioden. Emnet legg mest vekt på tilhøva i Norden og Nord-Europa.

Læringsutbyte/resultat

Ved fullført studium har studenten oppnådd føljande:

Kunnskap
Grunnleggjande kunnskap om hovudliner i kultur- og samfunnsutviklinga frå 570 e.Kr. til slutten av mellomalderen ca. 1500 i Norden og Nord-Europa med innsikt i endringar i økonomiske, sosiale og religiøse tilhøve, særleg med vekt på den materielle kulturen.


Ferdigheiter
Røynsle i å vurdere materiell kultur og å sette seg inn i fagtekstar både på nordiske språk og engelsk og i å kunne vurdere og analysere fagstoff, samt å kunne skrive resonnerande tekstar.


Generell kompetanse
Kompetanse i å planleggje og gjennomføre arbeidsoppgåver som strekkjer seg over tid og i å vurdere og samanfatte informasjon henta frå ulike kjelder og sett frå ulike synsstader.

Undervisningssemester

Vår.

Studienivå

Bachelornivå.

Institutt

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap.

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med studierett på UiB.

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

Gode kunnskapar i engelsk.

Undervisning og omfang

Normalt 10-15 førelesningar, samt eitt seminar.
Dersom ressursane tillèt det, vert det organisert kollokviegrupper.

Obligatoriske arbeidskrav

Materialkurs knytt til emnet har obligatorisk frammøte. Det er òg eit obligatorisk arbeidskrav å levere inn ei øvingsoppgåve på 1500 ord på Kark. Det vert eit obligatorisk seminar, der studenten skal presentere si eiga oppgåve og kommentere andre sine oppgåver. Presentering og kommentering er obligatorisk.

Dei obligatoriske arbeidskrava er ein føresetnad for å kunne ta eksamen i emnet. Obligatoriske krav er gyldige i to semester etter det undervisningssemestret dei vart godkjende.

Vurderingsformer

Eksamen er ein 7-dagars heimeeksamen med eit omfang på 2500 ord. Heimeeksamen skal leverast inn via KARK.

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er ikkje bestått.

Læremiddelomtale

Instituttet utarbeider pensumlister, pensum er om lag 1200 sider.

Undervisningsstad

Institutt for arkeologi, historie og kultur- og religionsvitskap, Universitetet i Bergen.

Emneevaluering

Studentane vil med jamne mellomrom bli inviterte til å evaluere faget.