Teori og metode
Fakta om studiet
| Emnekode | ARK201 |
| Studiepoeng | 15 |
| Undervisingssemester | Høst |
| Antall semester | 1 |
| Undervisingsspråk | Norsk og engelsk. |
| Ressursar | |
| Tilhører | Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap |
Kontakt
Kontaktinformasjon
studierettleiar@ahkr.uib.no
Mål og innhald
Læringsmål
Emnet tek sikte på å gi oversikt over sentrale tema innan arkeologisk teori- og metodedebatt og dessutan arkeologisk faghistorie, med oversyn over karakteristiske trekk ved dei ulike fagretningar over tid.
Fagleg innhald
Emnet omhandlar det teoretiske og metodiske grunnlaget for å kunne tolk dei materielle spora frå fortida. Det er lagt vekt på at studentane gjennom generell innsikt i teori og metode skal få ei betre forståing av viktige tema og problemstillingar og ta stilling til korleis dette er framstilt i arkeologisk litteratur. Døme på slike tema er samfunnsorganisasjon, byutvikling, landskap og romlege strukturar, kombinasjon av arkeologi og tekst, sosial identitet/kjønn, etnisitet og religion/rituelle aktivitetar. Den teoretisk-metodiske bakgrunnen gir eit viktig grunnlag for ARK250.
Læringsutbyte/resultat
Ved fullført studium skal studenten ha oppnådd følgjande:
Kunnskap
Innsikt i det teoretiske og metodiske grunnlaget som faget byggjer på.
Ferdigheiter
Røynsle med å vurdere sentrale teoretiske og metodiske problem på grunnlag av eit arkeologisk materiale.
Generell kompetanse
Røynsle med å vurdere fagstoff av teoretisk og metodisk art.
Undervisningssemester
Haust.
Studienivå
Bachelornivå.
Institutt
Institutt for arkeologi, historie, kultur og religionsvitskap.
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar med studierett på UiB.
Krav til forkunnskapar
Alle emna på 100-nivå i arkeologi eller tilsvarande må vere bestått.
Tilrådde forkunnskapar
Gode kunnskapar i engelsk.
Undervisning og omfang
Undervisinga er lagt oppsom førelesningarog vert berre gitt i haustsemesteret. Normalt 10-12 førelesningar.
Obligatoriske arbeidskrav
Ingen.
Vurderingsformer
Eksamen er ein 5-dagars heimeeksamen og ei munnleg prøve. Munnleg eksamen tell 50 prosent og heimeeksamen tell 50 prosent av samla karakter. Heimeeksamen skal ha eit omfang på 3000 ord og skal leverast inn via KARK. Begge deler må vere bestått for å få ein samla karakter.
Karakterskala
Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er ikkje bestått.
Læremiddelomtale
Instituttet utarbeider pensumlister, pensum er om lag 1200-1500 sider.
Undervisningsstad
Institutt for arkeologi, historie og kultur- og religionsvitskap, Universitetet i Bergen.
Emneevaluering
Studentane vil med jamne mellomrom bli inviterte til å evaluere faget.