Nevrobiologi
Fakta om studiet
| Emnekode | BMED251 |
| Studiepoeng | 15 |
| Undervisningsstart | Høst |
| Antall semester | 1 |
| Undervisingsspråk | Norsk |
| Ressursar | |
| Tilhører | Institutt for biomedisin |
Kontakt
Kontaktinformasjon
Institutt for biomedisin
studie@biomed.uib.no
(+47) 55 58 64 39 / 55 58 64 40 / 55 58 60 95
Emneansvarleg:
Per Øyvind Enger, http://www.uib.no/personer/Per.Enger
Mål og innhald
Studentane skal opparbeide seg kunnskap om og forståing av oppbygginga og funksjonen til nervesystemet og anatomien i hovud/hals-området som grunnlag for klinisk verksemd. Kompetansen skal gje eit godt utgangspunkt både for å lære om sjukdomar, og for å kunne lære å undersøke og diagnostisere pasientar med sviktande funksjon i nervesystemet.
Emnet er lagt opp for studentar som ønskjer kunnskap om nervesystemet, med fokus på medisinstudentar som treng slik kunnskap som basis for klinisk verksemd. I emnet vert gjennomgått ein del sentrale tema som er naudsynte for å forstå nervesystemet sin verkemåte og funksjon.
Vi går gjennom oppbygginga og funksjonen til nervecellene, og korleis kommunikasjonen skjer mellom nervecellene. Vi vil også presentere hovuddelane av det perifere og sentrale nervesystemet, og korleis signala vert leia inn til og ut frå sentralnervesystemet. Dei ulike delane av nervesystemet vert systematisk gått gjennom, både sanseorgana og dei sensoriske systema, og dei motoriske systema og deira rolle i rørslefunksjonen. Funksjonen til nervesystemet i reguleringa av åtferd, læring og minne, emosjonar og søvn vert også gått gjennom.
Dei ulike tema er delar av eit integrert undervisningsopplegg, og både strukturen og funksjonen vert lagt vekt på. Anatomien til hovudet og halsen er ein del av emnet, med den nære kontakten som er mellom dette området av kroppen, viktige sanseorgan og nervesystemet elles.
Ei klinisk forelesingsrekke er òg ein del av emnet.
Læringsutbyte/resultat
Etter fullført emne skal student kunne:
Kunnskapar
- Beskrive og forklare oppbygginga og funksjonen til nervecellene og korleis dei kommuniserer med kvarandre.
- Forklare den anatomiske oppbygginga av hovudet og halsen.
- Gjere greie for oppbygginga og funksjonen til sanseorgana, dei sensoriske systema og dei motoriske systema inkl. skjelettmuskelcellers struktur og funksjon.
- Gi eksempler på korleis nervesystemet regulerer åtferd og kognisjon, og kva rolle delane av nervesystemet har i minne og læring, emosjonar og søvn.
- Beskrive metodar for undersøking av struktur og funksjon til nervesystemet - avbildingsteknikkar (MRI, PET) og elektrofysiologiske målinger (EMG, EEG).
Ferdigheiter
- Presentere oppbygginga og funksjonane til nervesystemet.
- Identifisere viktige anatomiske strukturar på anatomiske preparat (hjerne, hovud, hals).
- Gjere greie for kva for strukturar (kar, nervar) og funksjonar som kan verte skada ved sjukdom eller skade i ein bestemt region i CNS/hovud/halsområdet, og kva slag symptom ein slik skade vil gje.
Generell kompetanse
- Resonnere seg fram til kva slags symptom og funn ein person kan vise ved ein bestemt skade på nervesystemet.
- Trekke konklusjonar om ein mogeleg plassering av ein skade på nervesystemet ut frå eit sett symptom hjå ein pasient.
Undervisningssemester
Haust
Krav til forkunnskapar
Grunnutdanning i biologi, helst human biologi, tilsvarande BIOBAS.
Fagleg overlapp
HUFY235.
Emnet BMED251 er identisk med MED1NEVRO, med unntak av hode/hals-anatomi og hjernedisseksjon (sistnevnte vert erstatta med hjernedemonstrasjon). Emnet har heller ikkje muntleg/praktisk eksamen.
Undervisning og omfang
Førelesingar, sjølvstudium, laboratoriekurs, demonstrasjonar, kollokvium, gruppeundervisning og spørjetimar.
Obligatoriske arbeidskrav
Laboratoriekurs i fysiologi, histologikurs og hjernedemonstrasjon.
Vurderingsformer
4 timars skriftleg eksamen.
Karakterskala
A-F
Emneevaluering
Skriftleg evaluering via Mi side.