Gå til innhold
English A A A
Emne BMED320

Metodar i medisinsk cellebiologi

Undervisningsperiode :

Aktuelle studieprogram

Studiepoeng 25
Undervisningssemester Haust
Fagleg overlapp HUCEL320
Timeplan Se timeplan
Litteraturliste Se litteraturliste

Mål og innhald

Emnet har som mål å gje studenten ei teoretisk oversikt over metodar og teknologi som vert brukt i medisinsk grunnforsking, samt å gje studenten eksperimentell erfaring med nokre utvalde metodar. Vidare gjev emnet studenten opplæring i litteratursøk og bruk av referansehandteringsprogram. Studenten vert også trena i korleis presentere problemstillingar og forskingsresultat på ein vitskapeleg måte.

Læringsutbyte/resultat

Etter fullført emne skal studenten kunne:

Kunnskapar

  • Gjere greie for alminneleg brukte metodar i medisinsk grunnforsking, og sette metodane inn i fagleg samanheng.
  • Greie ut om føremålstenleg bruk av ulike metodar med utgangspunkt i gitte cellebiologiske problemstillingar.

Ferdigheiter og generell kompetanse

  • Planleggje og gjennomføre forsøk og kritisk vurdere resultata.
  • Søkje, nyttiggjere seg og gjengi relevant vitskapeleg litteratur
  • Framstille forskingsprosjekt på eit vitskapeleg vis.

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsspråk

Engelsk

Krav til studierett

Master i medisinsk biologi

Tilrådde forkunnskapar

Generelle kunnskapar i molekylærbiologi og cellebiologi. Studentane må og kjenne til prinsippa for elementære molekylærbiologiske metodar/omgrep som polyakrylamid  gel-elektroforese (med og utan SDS) for separering av protein og DNA/RNA, agarose gel-elektroforese for separering av DNA/RNA, polymerase chain reaction (PCR) og cDNA.

Fagleg overlapp

HUCEL320

Undervisning og omfang

Emnet går over 13-14 veker.

Emnet startar med obligatoriske førelesningar (ca 4 veker) og fortset med obligatorisk laboratorieundervisning under rettleiing. Antal førelesingar per veke varierer (mellom 8 og 16). Under vekene med laboratoriearbeid vert det forventa normal arbeidsinnsats; ca 40 timer pr veke. Dette betyr at emnet vanskelig kan kombinerast med andre emne.

Obligatoriske arbeidskrav

Obligatorisk oppmøte til undervisinga.

Vurderingsformer

Vurdering i emnet er tredelt:

 

  1. Heimeeksamen etter avslutta teoriundervisning.
  2. Innlevering av skrifteleg semesteroppgåve etter utplassering på lab.
  3. Vurdering av prestasjon og arbeidsinnsats av rettleiar på lab.

 

Dei tre delane tel hhv. 30, 60 og 10 prosent av endeleg karakter. Du må bestå på alle delane for å bestå emnet.

Karakterskala

A-F

Læremiddelomtale

"Molecular Biology of the Cell", Alberts et al., review-artiklar, originalartiklar og handouts.

Emneevaluering

Skriftleg evaluering via Mi side.

Kontaktinformasjon

Institutt for biomedisin

studie@biomed.uib.no

(+47) 55 58 64 39 / 55 58 64 40 / 55 58 60 95

 

Emneansvarleg:

Marit Bakke, http://uib.no/personer/Marit.Bakke