Seminarserie

Fakta om studiet

EmnekodeBMED380
Studiepoeng5
UndervisningsstartVår, Haust
Antall semester2
Undervisingsspråk
Engelsk 
Ressursar
TilhørerInstitutt for biomedisin

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for biomedisin

studie@biomed.uib.no

(+47) 55 58 64 39 / 55 58 64 40 / 55 58 60 95

Emneansvarleg:

Beate Stern, http://uib.no/personer/Beate.Stern

Mål og innhald

Emnet har som mål å gje oversikt over ulike disiplinar innan biovitskap. Studentane vert trena i å lytte til, tolke, reflektere over og gjengi vitskapeleg informasjon, og får trening i vitskapeleg skriving.

Seminarserien består av ei førelesing kvar veke gjeve på engelsk av føredragshaldarar som kjem frå både inn- og utland. Dei er ekspertar innan sine fagfelt, blant anna innan molekylærbiologi, biokjemi, cellebiologi, biomedisin, fysiologi, nevrovitskap, translasjonell medisin, strukturbiologi, proteomikk og bioinformatikk. Dei er valt ut etter kriterium som kompetanse, formidlingsevne og emnediversitet.

Program for seminara: https://www.uib.no/biomedisin/en/resources/conferences-and-seminars/bbb-seminars

Læringsutbyte/resultat

Etter fullført emne skal studenten kunne:

Kunnskapar

  • Kjenne til fagomgrep innanfor ei breidde av dei biovitskapelege områda.
  • Kjenne til ulike aspekt av "state-of-the-art" forskingspraksis som fører fram til nye vitskapelege erkjenningar.

Ferdigheiter

  • Følgje og forstå vitskapelege føredrag og formulere gode rapportar.
  • Framvise forbetra skriftleg framstillingsevne basert på innspel frå /diskusjonar med fagpersonar.
  • Ved ein samanlikning av ulike måtar å presentere eit vitskapeleg prosjekt på, få eit godt grunnlag for eigen presentasjonsteknikk.

Generell kompetanse

  • Definere eit framtidig forskingsfelt for seinare studiar basert på ein utvida vitskapeleg horisont.
  • Vere i stand til å utføre sjølvstendig skrivearbeid på vitskapeleg vis.
  • Erkjenne nytten av å delta på vitskapelege seminar gjeve av toppranka forskarar.

Undervisningssemester

Haust + vår (2 påfølgjande semester)

Krav til forkunnskapar

Minimum bachelorgrad i biologi, molekylærbiologi eller tilsvarande.

Fagleg overlapp

HUCEL371

Undervisning og omfang

Undervisning:

  • Felles informasjonsmøter (obligatorisk)
  • Seminar kvar veke (obligatorisk deltaking på 25 seminar i to semester)
  • Éin-til-éin-møter med emneansvarleg for gjennomgang av rapportar (obligatorisk)

Omfang:

  • To informasjonsmøter à 1 time
  • 25 seminar à 2 timar (inkluderer førebuing)
  • To rapportar à 40 timar
  • To gjennomgangar med emneansvarleg à 1,5 timar

Totalt 135 timar.

Obligatoriske arbeidskrav

Obligatorisk deltaking på minimum 25 av seminara i to semester (deltaking vert registrert). I tillegg kjem obligatoriske informasjonsmøter og éin-til-éin-møter med emneansvarleg.

Vurderingsformer

Innlevering av éin rapport kvart semester. Rapportane må følgje retningslinene som er publisert på Mi side. Rapporten skal vere på 3-4 sider og skrivast på engelsk.

Emneansvarleg nyttar eit eige skjema i vurdering av rapportane.

Studentane vert innkalla til obligatorisk gjennomgong av dei korrigerte rapportane med emneansvarleg.

Karakterskala

Bestått/ikkje bestått

Emneevaluering

Skriftleg evaluering via Mi side.