Biomedisinsk ernæringsfysiologi
Undervisningsperiode :
- Inneværende semester
- Neste semester
Aktuelle studieprogram
| Studiepoeng | 5 |
| Undervisningssemester | Vår |
| Timeplan | Se timeplan |
| Litteraturliste | Se litteraturliste |
Mål og innhald
Cella og kroppen sin fysiologi vert styrt av arv og miljø. Human ernæring, det vil seie det me et, utgjer ei viktig form for miljøeksponering, og dei enkelte næringsstoffa regulerer ulike mekanismar på celle- og organismenivå. Dei fysiologiske effektane er i stor grad ein respons på den totale samansetjinga av ulike næringsstoff i kosten vår. I tillegg er maten hovudkjelda for eksponering av stabile miljøgifter som vert konsentrert oppover i næringskjeda.
Nyare forsking har vist at miljøet kan påverke genreguleringa gjennom langt fleire mekanismar enn skildra med tradisjonell genetikk. Næringsstoff har difor stor tyding for utviklinga av livsstilssjukdomar som fedme, diabetes og atherosklerose. Utviklinga til ein slik patologisk tilstand kan observerast gjennom endringar i signalmekanismar og funksjonar til cella, med konsekvensar for fleire fysiologiske eigenskapar.
Emne skal gje ei forskingsbasert innføring i biomedisinske tema (biokjemi, molekylærbiologi, cellebiologi, fysiologi) knytt til human ernæringsfysiologi. Med fokus på område som metabolisme, signalveier og genregulering vil ein forklara grunnleggjande mekanismar som involverer og vert påverka av næringsstoff og deira samansetjing i dietten. Vidare vil ein kome inn på bakgrunn for livsstilssjukdomar, genetiske sjukdomar, og effekten av kontaminantar.
Målet med emnet er at studentane sjølve skal evne å evaluera effekten av næringsstoff på eit cellebiologisk og fysiologisk nivå og setje dette inn i ein større vitskapleg samanheng med omsyn til sjukdom og helse.
Den sjølvstendige oppgåva skal ta opp nye relevante problemstillingar med omsyn til ernæring og livsstilsjukdommar forankra i eit forskingsmiljø ved UiB, gjerne den gruppa kor kandidaten skal gjennomføra masterprosjektet sitt. Dersom masteroppgåve ikkje er avtalt kan ein nytte ei forskingsgruppe ved Institutt for biomedisin. Problemstilling skal ikkje være direkte knytt til framtidig masteroppgåve og vert definert av gruppeleiar i samsvar med emneansvarleg.
Læringsutbyte/resultat
Etter fullført emne skal studenten kunne:
- Gje ei biomedisinsk utgreiing av korleis fysiologiske eigenskapar vert påverka av ulike næringsstoff og deira samansetjing.
- Drøfte samanhengen mellom ernæring og fysiologiske responsar med utgangspunkt i biomedisinske mekanismar.
- Kritisk kunne tolke relevant fysiologisk, cellebiologisk og molekylærbiologisk forskningslitteratur innan ernæring og livsstilssjukdommer.
Undervisningssemester
Vår
Undervisningsspråk
Engelsk
Krav til forkunnskapar
Biologi, biokjemi, molekylærbiologi, cellebiologi, ernæringsfysiologi eller tilsvarande på bachelornivå, helst avslutta med grad.
Undervisning og omfang
Førelesningar (ca. 10 x 2 timar) med fokus på aktuelle tema innan biomedisinsk ernæringsfysiologi.
Studentleia kollokvier som skal vera førebuing til førelesningar.
Ei sjølvstendig oppgåve basert på forskingslitteratur skal skrivast etter oppgitt mal. Oppgåva skal presenterast for resten av deltakarane som poster og er den avsluttande eksamineringa av kurset.
Undervisinga vert heldt på NIFES og ved Institutt for biomedisin.
Obligatoriske arbeidskrav
Deltaking på seminar, godkjent sjølvstendig oppgåve med presentasjon.
Vurderingsformer
Munnleg eksamen ¿ posterpresentasjon basert på innlevert sjølvstendig oppgåve.
Karakterskala
Bestått/ikkje bestått
Emneevaluering
Skriftleg evaluering via Mi side.
Kontaktinformasjon
studie@biomed.uib.no / +47 55 58 64 39/40
Emneansvarleg:
Livar Frøyland, http://www.uib.no/personer/Livar.Froyland