Datalingvistikk og språkteknologi mastergradsoppgåve
Undervisningsperiode :
- Inneværende semester
- Neste semester
Aktuelle studieprogram
| Studiepoeng | 60 |
| Undervisningssemester | Haust/vår. |
| Timeplan | Se timeplan |
| Litteraturliste | Se litteraturliste |
Mål og innhald
Masteroppgåva skal vere eit vitskapleg arbeid innanfor eit datalingvistisk eller språkteknologisk emne. Val av emne for masteroppgåva må godkjennast av fagmiljøet. Det må falle innanfor dei områda der fagmiljøet sjølv eller ein ekstern partnar har eller kan skaffe den naudsynte kompetansen og det naudsynte utstyret.
Målet er å gje studenten høve til å utforske ei datalingvistisk eller språkteknologisk problemstilling i djupna, og til å formidle resultata skriftleg og munnleg.
Læringsutbyte/resultat
Masteroppgåva skal kvalifisere studenten til å drive forsking innanfor datalingvistiske og språkteknologiske emne.
Undervisningssemester
Haust/vår.
Undervisningsspråk
Norsk
Studienivå
Master
Krav til studierett
Krav om gyldig studierett på masterprogrammet i datalingvistikk og språkteknologi ved UiB.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Bachelorgrad med spesialisering i datalingvistikk og språkteknologi.
Undervisning og omfang
I arbeidet med masteroppgåva vil studenten få tildelt ein rettleiar av fagmiljøet. Undersøkinga til masteroppgåva kan også gjerast under eit opphald utanfor instituttet, til dømes ved eit anna universitet eller forskingssenter. I det høvet kan studenten bli tildelt både ein intern og ein ekstern rettleiar.
Obligatoriske arbeidskrav
Student og rettleiar skriv båe under ein rettleiingskontrakt.
Før den munnlege slutteksamenen skal studenten ha halde eit føredrag (seminarinnlegg) på eit instituttseminar. Studenten skal formidle det vitskaplege området i masteroppgåva, problemstilling, metode, gjennomføring, resultat og konklusjon.
Vurderingsformer
1. Skriftleg masteroppgåve med karaktervurdering. Resultatet av undersøkinga skal leggjast fram i form av eit program på datamaskin og i tillegg ei skriftleg framstilling i form av ei oppgåve på ca. 50 - 120 sider (pluss ev. vedlegg). Oppgåva skal greie ut om programmet og den plassen det har innanfor det aktuelle emnet, og relatere dette til pensumlitteraturen. Det blir stilt krav om originalarbeid på datamaskin, til ytinga av programmet, til datamaskinelle og lingvistiske teknikkar i programmet, til vitskapleg metode og til verdien av oppgåva som vitskapleg framstilling.
2. Munnleg eksamen, som kan justere karakteren med éin verdi.
Karakterskala
Karakterskala A-F.
Undervisningsstad
Bergen
Emneevaluering
Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.
Kontaktinformasjon
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
E-post: studierettleiar@lle.uib.no