Webdesign
Undervisningsperiode :
- Inneværende semester
- Neste semester
Aktuelle studieprogram
| Studiepoeng | 15 |
| Undervisningssemester | Haust |
| Timeplan | Se timeplan |
| Litteraturliste | Se litteraturliste |
Mål og innhald
Emnet gir ei innføring i formidling på web, med vekt på kulturformidling. Studentane vil få trening i å lage og publisere nettstader med relevant nettverksteknologi som HTML, Javascript, CSS, bruk av bilete og lyd på web. I tillegg vil dei få ei innføring i informasjonsarkitektur, strategiar for navigasjon og brukarretting. Saman med den tekniske innføringa får studentane eit teoretisk grunnlag i tekstlege og visuelle uttrykksformer knytt til web, og dei vil få kjennskap til utviklinga og estetikken til desse utrykksformane.Målet er å gjere studentane i stand til å bruke moderne teknologiar for å tilpasse kulturmateriale for web og å gjere kritiske analysar av val av presentasjons- og formidlingsformer i humaniora i ein webkontekst.
Læringsutbyte/resultat
Etter å ha tatt emnet skal studentane kunne:
- Skrive, kode og publisere ein enkel nettstad med tekst, bilete og andre medium ved hjelp av aktuell webteknologi.
- skildre, samanlikne og bruke ulike design-, skrive- og organisasjonsstrategiar for webformidling og tilretteleggjing av innhald for ulike brukarar
- jobbe i ei gruppe og forhandle om arbeidsoppgåver og strategiar for best formidling av innhald
- skrive ein analyse av ein nettstad og demonstrere kjennskap til dei vanlegaste websjangrane
- skrive ein rapport som skildrar praktisk arbeid med ein nettstad og forklarar vala som er gjort
Undervisningssemester
Haust
Undervisningsspråk
Norsk eller engelsk.
Studienivå
Bachelor.
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Undervisning og omfang
Undervisninga vil ha form av førelesingar, grupperettleiing, prosjektarbeid og individuelle øvingar, og går over tretten veker. Det er tre forelesingstimar og ei øving på to timar kvar veke. Det blir tilbod om lab-timar med assistent gjennom heile semesteret. Nokre av øvingstimane er obligatoriske, someit HTML-kurs i byrjinga av semesteret. Det er viktig at studentane byrjar med studia ved undervisningsstart. Studentane skal i grupper gjennomføre eit praktisk formidlingsprosjekt for web. Problemstillinga blir utforma saman med rettleiar..Studentane er sjølve ansvarlege for å gjennomføre naudsynte gruppeprosjektmøte gjennom semesteret.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mi Side. På emne der dette kan vere aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før semesterregistreringsfristen 1. februar / 1. september.
Obligatoriske arbeidskrav
Det er eit krav for å bli vurdert at studenten har delteke i minst 75 prosent av undervisninga og i dei aktivitetane som undervisninga femner om, inkludert HTML-kurset i byrjinga av semesteret. Kursdeltakinga blir godkjend av emneansvarleg.
Studentane skal skrive to mindre refleksjonsnotat i byrjinga av semesteret. Emneansvarleg godkjenner desse.
Alle eksamensdelane må takast i undervisningssemesteret. Det blir ikkje gitt eksamen i undervisningsfrie semester. Obligatoriske arbeidskrav er berre gyldige i eksamenssemesteret.
Vurderingsformer
Eksamen der delt i fire eksamensdelar med teoretiske og praktiske arbeid.
- to mindre, sjølvkoda nettstader (som kvar veg 15% av endeleg karakter)
- ein analyse av ein nettstad (som veg 15% av endeleg karakter)
- ein omfattande nettstad laga som gruppearbeid (som veg 40% av endeleg karakter)
- ein individuell rapport om arbeidet med nettstaden (som veg 15% av endeleg karakter)
For gruppearbeidet vert det gitt éin felles karakter per gruppe, jfr. § 6.2.6 i Forskrift om opptak, studier, vurdering og grader ved Universitetet i Bergen. Studentane er sjølve ansvarlege for ei rettferdig arbeidsfordeling i gruppearbeidet.
Karakterskala
Karakterskala A-F.
Læremiddelomtale
Pensum er på om lag 1000 sider.
For tida nyttar vi HTML5, CSS3 og Javascript til koding og Photoshop CS til biletehandsaming.
Undervisningsstad
Bergen
Emneevaluering
Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.
Kontaktinformasjon
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
E-post: studierettleiar@lle.uib.no