Gå til innhold
English A A A
Emne DIKULT208

Kollaborativ kreativitet i nye medium

Undervisningsperiode :

Aktuelle studieprogram

Studiepoeng 15
Undervisningssemester Uregelmessig. Merk: Hausten 2013 vil det bli ei intensiv veke 7. -13. august og tre seminarer på to timar i løpet av hautsemesteret.
Timeplan Se timeplan
Litteraturliste Se litteraturliste

Mål og innhald

Dette emnet er eit samarbeidsprosjekt som inkluderer studentar frå UiB (Digital Kultur og liknande disiplinar) og studentar frå dei amerikanske samarbeidsinstitusjonane University of West Virginia, Temple University og University of Minnesota i Duluth. Kjerneaktiviteten i emneter samarbeid om utvikling av kreative nye medier, både i og utanfor lab. Studentane får praktisk røynsle i å utvikle multimodale nye medier, som er sett samen av mellom anna tekst, bilde, lyd og video i kreative produksjonsomgjevnader. I Emnet får ein og ein innføring i ulike teoriar og praksisformer innafor kreativit samarbeid i interaktive medier.

 

Hovuddelen av emnet blir lagt til eit intensivt seminar ei veke, der studentar og undervisarar frå USA møter norske studenter og undervisare personleg. Samarbeidsprosjekta utviklast, fyljast opp og blir avsluttaav deltakaranei løpet av semesteret, men på kvar deira stad. Studentane bruker digitale video-og stillbildekamera og andre opptaksapparatar til å hente inn råmateriale frå Bergensområdet, og arbeidar så samen for å utvikle narrative opplevingar for datamaskiner i nettverk, med produksjonsteknikker frå multimedia og distribuerte nettverksomgjevnader. I kvar gruppe vil det vere både norske og amerikanske studentar, og i kvar gruppe vil det vere folk med ulik studie- og ferdighetsbakgrunn.

Læringsutbyte/resultat

Etter å ha fullført emnet skal studentane ha:

 

  • grunnleggjande kunnskap om historien og konteksten til kreativ praksis i digitale omgjevnader
  • grunnleggjande kunnskap om produksjonsteknikkar innan nye medier
  • røynsle med å sette samen ulike modale aspekt til eit digitalt artefakt
  • røynsle i projektliing og rapportering

Etter å ha fullført emnet skal studenten vere i stand til:

  • å jobbe samen i ei internasjonal gruppe der medlemmane har ulik studie- og ferdigheitsbakgrunn
  • å reflektere kring ulike tilnærmingsmåtar i undervisning og læring mellom Norge og USA
  • å produsere meiningsfulle digitale artefakt i nye medier

Undervisningssemester

Uregelmessig.

Merk: Hausten 2013 vil det bli ei intensiv veke 7. -13. august og tre seminarer på to timar i løpet av hautsemesteret.

Undervisningsspråk

Engelsk

Studienivå

BA

MA-studentar kan og melde seg på emnet.

Krav til forkunnskapar

Det blir krevd 30 studiepoeng innan Digital kultur eller tilsvarande emne. Emnet har begrensa plass. Om det er fleire søkjarar enn plasser på emnet, vil studentane bli rangert etter karaktersnitt i digital kulturemner. Nokre plassar vil vere reservert for masterstudentar i digital kultur.

Undervisning og omfang

Førelesning, seminar og praktisk prosjektarbeid.

I den intensive oppstartsveka held lærane korte, uformelle førelesingar eller presentasjonar med fokus på kreativ samproduksjon i deira respektive forsknings- eller performasjonsfelt, som til dømes kan vere interaktiv hypermedia, design, kreativ skriving, og film. Undervisinga inneheld og workshop-aktivitet eller spel, for å spegle dei ulike modalitetane og dei tilhørende forskingsfelta. Skrive-spel, design-utfordringer, kreative video-improvisasjonar, eksperiment i kodeskriving o.a kan være døme på moglege aktivitetar.

 

Etter desse innleiiande aktivitetane vil prosjektarbeid i små grupper utgjere hovuddelen av den intensive veka. Samarbeidet i prosjekta fortsett etter dette utover i semesteret. Det blir satt opp minst to videooverføringar mellom deltakerane, slik at dei kan vidareutvikle samarbeidsprosjekta fram til ferdig resultat ved sluten av semesteret.

Obligatoriske arbeidskrav

Det er obligatorisk deltaking i oppstarts-seminaret. I tillegg møter studentane tre ganger til seminar i løpet av haustsemesteret. Emneansvarleg godkjenner deltakinga.

Vurderingsformer

Vurderinga blir gjort på grunnlag av tre eksamensdelar. Dei tre delane er eittsamarbeidsprosjektet (tel 40%), ein individuell prosjektrapport (tel 40%), og ein individuell munnleg presentasjon (tel 20%). Alle dei involverte institusjonane vurderer sine studentar uavhengig av kvarandre.

I vuderinga av samarbeidsprosjektet vil alle studentane i gruppa få same sensurvedtak.

Samarbeidsprosjektet må vere greidd i det semesteret emnet blir gitt. Det vil ikkje bli tilbod om utsett eksamen i denne eksamensdelen. Den individuelle prosjektrapporten og munnleg presentasjon kan gis som midtsemestereksamen i det påfølgande semesteret. Obligatoriske arbeidskrav er gyldige i to semestre.

Karakterskala

A til F

Læremiddelomtale

Pernsum er på rundt 1000 sider.

Undervisningsstad

Bergen

Emneevaluering

Emneevalueringa skjer i tråd med universitetet i Bergen sitt system for kvalitetssikring.

Kontaktinformasjon

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar@lle.uib.no