Mål og innhald
Kurset skal gjere studentane i stand til å betre møte dei krav som vert stilt til matematikk som ein står overfor på mastergrad og andre økonomikurs.
Emnet tek opp lineær algebra, funksjonar av fleire variablar, komparativ statikk og optimering med fleire variablar og restriksjonar. I optimering vert det lagt vekt på både Lagrange og Kuhn-Tucker metodane.
Læringsutbyte/resultat
Etter å ha fullført emnet skal studenten kunne
- anvende følgende omgrep innanfor lineær algebra: Addisjon, subtraksjon og skalarmultiplikasjon av vektorar, lengde av vektor, avstand mellom vektorar og indre produktet mellom vektorar, liner og plan i rommet, hyperplan, parametriske og normallikninger for liner og plan i rommet samt lineært avhengige og uavhengige vektorar.
- anvende addisjon og multiplikasjon av matriser, identitetsmatrisen, inverse matrise og lineære likningssystem på matriseform. Studentane skal kunne anvende Gauss-Jordan¿s rekkeroperasjonar til å løyse lineære likningssystemer. Studenten skal kunne bestemme rangen til ei matrise og gjere greie for korleis rangen brukast til å klassifisere lineære likningssystem. Ho skal også kunne berekna determinantar og kunne bruka Cramer sine regler for løysing av lineære likningssystem.
- anvende partiell deriverte, total differensial, gradient vektor og retningsderiverte samt implisitt derivasjon, annen ordens partiell deriverte og Hessematrisen. Studenten skal kunne bruke komparativ statikk på eit likningssystem.
- Gjere greie for Lagrange og Kuhn-Tucker si metode for løysing av optimeringsproblem med restriksjonar. Studenten skal kunne gi ein skildring av: kvadratiske former, positive og negative semidefinite matriser, konvekse mengder og funksjonar samt omhyllingsteoremet for optimeringsproblem med restriksjonar.
Eksamenssemester
Haust/vår
Krav til forkunnskapar
Ingen
Undervisning og omfang
Førelesingar 36 timar, rekneøvingar 18 timar, seminar 18 timar.
Vurderingsformer
4 timar skriftleg eksamen
Tillatne hjelpemiddel til eksamen:
Matematisk formelsamling av K Sydsæter, A. Strøm og P. Berck, formelsamling i matematikk av Utdanningsdirektoratet og kalkulator. Berre følgjande enkle, ikkje-programmerbare kalkulatorar utan grafisk display vert tillete brukt ved skriftlege prøvar:
Alle modellar av typane:
- Casio FX-82
- Hewlett-Packard HP30
- Texas instruments TI-30
Institutt for økonomi kan gjennomføre stikkprøvar av hjelpemidla i eksamenslokalet.
Karakterskala
Karakterskala A-F
Emneevaluering
Alle emner ved Institutt for økonomi vert evaluert kvart undervisningssemester.