Mål og innhald
Målet med kurset er å gi studentane ei elementær innføring i sentrale delar av teorien for ressursallokering og velferdsteori.
Det vert gitt ein introduksjon til teorien om generell likevekt. Etter dette vil vi gjera greie for korleis ressursane i ein økonomi bør allokerast for å oppnå best mogleg utnytting av dei. Vidare vil ein i kurset gjera greie for korleis ein kan sikre effektiv ressursbruk når ein har innslag av eksterne effektar og kollektive gode i økonomien. Andre sentrale spørsmål som vert tatt opp er nytte- kostnadsanalysar og politisk økonomi. Kurset vil også ta opp effektivitets- og fordelingseigenskapar ved ulike former for skattar.
Læringsutbyte/resultat
Etter å ha fullført emnet skal studentane kunne:
- Forstå og beskrive normativ velferdsteori
- Gjere greie for kva en eksternalitet er og korleis ein kan løyse eksternalitetsproblem.
- Forklare kva kollektive goder er, kvifor desse ikkje vert produsert i ein marknadsøkonomi og korleis det offentlege kan tilby godene.
- Framstille kostnad-nytte-analyser for både private og offentlege gode.
- Framstille korleis pengepolitikk vert driven i økonomiar som den norske, europeiske og amerikanske.
- Forklare kva det offentlege sine hovedoppgåver inneber.
- Gjere greie for skatteteori.
Undervisningssemester
Haust
Eksamenssemester
Haust/vår
Krav til forkunnskapar
Ingen
Undervisning og omfang
Førelesingar. Seminarundervisning.
Obligatoriske arbeidskrav
Ei obligatorisk innlevering som må vere godkjend for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.
Studentar på profesjonsstudiet i samfunnsøkonomi må delta på obligatoriske seminar og levere to obligatoriske oppgåver som må vere bestått for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.
Obligatorisk oppgåve og arbeidskrav er gyldig i inneverande og dei tre følgjande semestera.
Vurderingsformer
4 timar skriftleg eksamen.
Tillatne hjelpemiddel til eksamen:
Matematisk formelsamling av K Sydsæter, A. Strøm og P. Berck, formelsamling i matematikk av Utdanningsdirektoratet og kalkulator. Berre følgjande enkle, ikkje-programmerbare kalkulatorar utan grafisk display vert tillete brukt ved skriftlege prøvar:
Alle modellar av typane:
- Casio FX-82
- Hewlett-Packard HP30
- Texas instruments TI-30
Institutt for økonomi kan gjennomføre stikkprøvar av hjelpemidla i eksamenslokalet.
Karakterskala
Karakterskala A-F
Emneevaluering
Alle emner ved Institutt for økonomi vert evaluert kvart undervisningssemester.