Internasjonal makroøkonomi

Fakta om studiet

EmnekodeECON231
Studiepoeng10
UndervisingssemesterVår
Antall semester1
Undervisingsspråk
Norsk
Ressursar
TilhørerInstitutt for økonomi

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for økonomi

E-post: studieveileder@econ.uib.no

Tlf: 55 58 92 26

Mål og innhald

Målet med kurset er å gi studentane innsikt i forhold som forklarer kapitalrørsler og renteforskjellar mellom land.

Det vil bli lagt spesiell vekt på å forklare kva for faktorar som bestemmer valutakurs i eit land, og kva rolle valutakursen speler for å rette opp ubalanser i økonomien i landet. Styrkar og veikskapar ved ulike valutakursregime blir også diskutert inngåande. I Noreg har ein valt å leggja inflasjonsstyring til grunn for penge- og valutakurspolitikken. Det vil bli lagt vekt på å forklare dette regimet.

Læringsutbyte/resultat

Etter å ha avslutta emnet skal studentane kunne:

  • Gjere greie for grunnleggjande valutakursteoriar som rente- og kjøpekraftsparitet.
  • Gjere greie for kva som kjenneteiknar den langsiktige utviklinga for inflasjon, renter, nominell og reell valutakurs.
  • Forklare ulike typar økonomiske forstyrringar samt ha forståing for korleis ein kan nytte penge- og finanspolitikk til å rette opp i slike.
  • Skildre fordelar og ulempar ved ulike måtar å drive pengepolitikk på, som rentestyring, pengemengdestyring og inflasjonsstyring.
  • Framstille korleis pengepolitikk drives i økonomiar som den norske, europeiske og amerikanske.
  • Skildre korleis ulike valutakursregimer fungerer.
  • Teste dei ulike teoriane som er blitt undervist i ved hjelp av økonometriske teknikkar.

Undervisningssemester

Uregelmessig (vår)

Tilrådde forkunnskapar

ECON230

Undervisning og omfang

Forelesinger. Seminarundervisning.

Obligatoriske arbeidskrav

Ei godkjent innleveringsoppgåve med tilbakemelding.

Obligatorisk oppgåve og arbeidskrav er gyldig i inneverande og dei tre følgjande semestera.

Vurderingsformer

4 timar skriftleg eksamen.

Tillatne hjelpemiddel til eksamen:

Matematisk formelsamling av K Sydsæter, A. Strøm og P. Berck, formelsamling i matematikk av Utdanningsdirektoratet og kalkulator. Kun følgjande enkle, ikkje-programmerbare kalkulatorar utan grafisk display vert tillete brukt ved skriftlege prøvar:

Alle modellar av typane:

- Casio FX-82

- Hewlett-Packard HP30

- Texas instruments TI-30

Institutt for økonomi kan gjennomføre stikkprøvar av hjelpemidla i eksamenslokalet.

Emneevaluering

Alle emner ved Institutt for økonomi vert evaluert kvart undervisningssemester.