Mål og innhald
Å gi ei god forståing av finansielle forhold - og kunne rekne ut verdiar av investeringar.
Kurset gir ei innføring i finansteori, i hovudsak frå eit føretaksøkonomisk synspunkt. Tema er verdsetting av realinvesteringar og verdipapir, både under full visse og under uvisse.
Læringsutbyte/resultat
Etter å ha fullført emnet skal studentane kunne:
- Foreta enkle investeringsanalyser for foretak
- Berekne enkle optimale porteføljer for investorer
- Forklare korleis finansmarknad virker
- Forklare korleis en tar hensyn til risiko
- Gjere greie for de viktigste formene for verdipapir
- Gjere greie for grunntrekka i det norske kapitalskattesystemet og korleis dette påverker verdsetting.
Undervisningssemester
Uregelrett emne
Eksamenssemester
Haust/vår, uregelrett
Krav til forkunnskapar
Ingen
Undervisning og omfang
Førelesingar og seminarundervisning.
Obligatoriske arbeidskrav
Ei obligatorisk innlevering som må vere godkjend for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.
Obligatorisk oppgåve og arbeidskrav er gyldig i inneverande og dei tre følgjande semestera.
Vurderingsformer
4 timars skuleeksamen.
Tillatne hjelpemiddel til eksamen:
Matematisk formelsamling av K Sydsæter, A. Strøm og P. Berck, formelsamling i matematikk av Utdanningsdirektoratet og kalkulator. Berre følgjande enkle, ikkje-programmerbare kalkulatorar utan grafisk display vert tillete brukt ved skriftlege prøvar:
Alle modellar av typane:
- Casio FX-82
- Hewlett-Packard HP30
- Texas instruments TI-30
Institutt for økonomi kan gjennomføre stikkprøvar av hjelpemidla i eksamenslokalet.
Karakterskala
Karakterskala A-F
Emneevaluering
Alle emner ved Institutt for økonomi vert evaluert kvart undervisningssemester.