Bacheloroppgave

Fakta om studiet

EmnekodeECON290
Studiepoeng10
UndervisingssemesterVår, Haust
Antall semester1
Undervisingsspråk
Norsk
Ressursar
TilhørerInstitutt for økonomi

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for økonomi

E-post: studieveileder@econ.uib.no

Tlf: 55 58 92 26

Mål og innhald

Målsetjinga med oppgåva er at studentane skal kunne gjennomføre ei sjølvstendig drøfting og analyse av ei samfunnsøkonomisk problemstilling ved hjelp av den "verktykassa" dei har tileigna seg gjennom bachelorstudiet.

Emnet består av ei generell innføring i skriving av ei bacheloroppgåve i tillegg til ei sjølvvalt økonomisk problemstilling/prosjektskildring som skal resultere i den ferdige oppgåva. Oppgåva skal ta utgangspunkt i eit tema som skal drøftas ut frå eit teoretisk perspektiv, tidlegare forsking eller ved ei empirisk analyse av kvantitative data. Institutt for økonomi bidrar med ei liste med forslag til tema og problemstillingar.

Læringsutbyte/resultat

Etter å ha fullført emnet skal studentane kunne:

  • drøfte og analysere en samfunnsøkonomisk problemstilling
  • innhente passande litteratur
  • gjere greie for god kildebruk
  • mestre skriftleg og munnleg presentasjon av eige arbeid
  • drøfte andres arbeid kritisk

Undervisningssemester

Haust/vår

Eksamenssemester

Haust/vår

Studienivå

Bachelor

Krav til forkunnskapar

ECON110, 130, 140, 210, 230 og 240.

Undervisning og omfang

Det er mogleg å gjennomføre ECON290 på to forskjellige måtar:

  • med undervisning og rettleiing (versjon A) og
  • utan undervisning og rettleiing (versjon B).

Begge versjonane er opne for alle studentar på kurset, men versjon A er tilrådd av institutt for økonomi.

  • Versjon A: Fellesseminar (3 timar) og grupperettleiing (8 timar) leia av ein vitskapleg tilsett.
  • Versjon B: Ingen rettleiing. Versjon B er basert utelukkande på sjølvsstudium.

Obligatoriske arbeidskrav

  • Versjon A: Godkjent prosjektskildring, godkjent førsteutkast, deltaking på 1. og 2. gruppesamling
  • Versjon B: Ingen obligatoriske arbeidskrav.

Vurderingsformer

  • Versjon A: Samla vurdering av bacheloroppgåva (2/3) og munnleg aktivitet (1/3). Munnlege aktivitetar er presentasjon på 1. og 2. samling og opposisjon på 2.samling, samt endeleg presentasjon på bachelorseminaret.
  • Versjon B: Vurdering av bacheloroppgåva.

Karakterskala

Karakterskala A-F

Emneevaluering

Alle emner ved Institutt for økonomi vert evaluert kvart undervisningssemester.