Mål og innhald
Formålet med kurset er å gi studentane eit grunnlag for økonomiske analysar av helsesektoren og helsepolitiske spørsmål.
Kurset tar opp ei rekkje problemstillingar knytt til styring og finansiering av helsesektoren, samt korleis ein skal vurdere lønsemd av helsetiltak og behandlings-former. Studentane blir gjort kjende med korleis ein bør utforme finansierings-system for å sikre effektiv styring av sjukehus og andre helseinstitusjonar, kriterier for vurdering av om legemiddel skal gi rett til refusjon, og om bruken av middel i helsesektoren sikrer ei rettvis fordeling av helse i befolkninga.
Det vert lagt på å gjere problema relevant for styringsutfordringar og reformer i den norske helsesektoren.
Læringsutbyte/resultat
Etter å ha avslutta emnet skal studentane kunne:
- Gjennomføre økonomiske analyser av helsesektoren og av helsepolitiske spørsmål
- Forklare korleis kostnads-, nytte- og verdianalysar, er bygd opp og vert utført i praksis.
- Gi en oversikt over teoriar knytta til finansiering av helsesektoren, samt forsikringsaspekt.
- Vere kjende med oppbygginga av det norske helsesystemet, samt andre land sine måtar å organisere og finansiere helsetenesten.
- Ha tilegna seg kunnskap om kva som bestemmer eit individs etterspurnad etter helse og helsetenester.
Undervisningssemester
Uregelmessig (haust)
Tilrådde forkunnskapar
ECON221
Undervisning og omfang
Forelesingar.
Obligatoriske arbeidskrav
To obligatoriske innleveringar som må vere bestått for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.
Obligatorisk oppgåve og arbeidskrav er gyldig i inneverande og dei tre følgjande semestera.
Vurderingsformer
4 timar skriftleg eksamen.
Tillatne hjelpemiddel til eksamen:
Matematisk formelsamling av K Sydsæter, A. Strøm og P. Berck, formelsamling i matematikk av Utdanningsdirektoratet og kalkulator. Kun følgjande enkle, ikkje-programmerbare
kalkulatorar utan grafisk display vert tillete brukt ved skriftlege prøvar:
Alle modellar av typane:
- Casio FX-82
- Hewlett-Packard HP30
- Texas instruments TI-30
Institutt for økonomi kan gjennomføre stikkprøvar av hjelpemidla i eksamenslokalet.
Emneevaluering
Evaluering av seminar og forelesing vert gjennomført i løpet av semesteret