Spillteori

Fakta om studiet

EmnekodeECON327
Studiepoeng10
UndervisingssemesterVår, Haust
Antall semester1
Undervisingsspråk
Norsk eller engelsk
Ressursar
TilhørerInstitutt for økonomi

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for økonomi

E-post: studieveileder@econ.uib.no

Tlf: 55 58 92 26

Mål og innhald

Spelteori prøver å forstå observerte fenomen når fleire aktørar påverkar kvarandre.

Den grunnleggjande hypotesen er, som elles innanfor økonomifaget, at kvar deltakar søkjer veldefinerte mål (instrumentell rasjonalitet) og tar samstundes omsyn til kunnskap og forventingar om andre sine val. Teorien er ein grunnstein for moderne sosial analyse. Den er nokså abstrakt og kan derfor brukas i studiet av svært mange fenomen.

Læringsutbyte/resultat

Når kurset er over skal studentane kunne:

  • Gjere greie for sentrale døme
  • Forstå viktige etappar i faget sin utvikling
  • Gjere greie forgrunnleggjande omgrep innan modellering og analyse av ikkje-kooperative spel på strategisk form
  • Vite kva som ligg i omgrepet strategi
  • Kjenne til modellering og representasjon av same type spel i utstrekt form
  • Kjenne til krav som sikrar eksistens av Nash likevekt
  • Ha kjennskap til kjerneløysing i kooperative spel

Undervisningssemester

Uregelmessig. Det vil vere undervisning i emnet hausten 2010.

Undervisningssemester

Uregelmessig.

Eksamenssemester

Haust/vår

Studienivå

Master

Undervisning og omfang

Førelesingar.

Obligatoriske arbeidskrav

Godkjent innleveringsoppgåve.

Obligatorisk oppgåve og arbeidskrav er gyldig i inneverande og dei tre følgjande semestera.

Vurderingsformer

4 timar skriftleg eksamen.

Tillatne hjelpemiddel til eksamen:

Matematisk formelsamling av K Sydsæter, A. Strøm og P. Berck, formelsamling i matematikk av Utdanningsdirektoratet og kalkulator. Berre følgjande enkle, ikkje-programmerbare kalkulatorar utan grafisk display vert tillete brukt ved skriftlege prøvar:

Alle modellar av typane:

- Casio FX-82

- Hewlett-Packard HP30

- Texas instruments TI-30

Institutt for økonomi kan gjennomføre stikkprøvar av hjelpemidla i eksamenslokalet.

Karakterskala

Karakterskala A-F

Emneevaluering

Alle emner ved Institutt for økonomi vert evaluert kvart undervisningssemester.