Makroøkonomisk analyse
Fakta om studiet
| Emnekode | ECON330 |
| Studiepoeng | 10 |
| Undervisingssemester | Høst |
| Antall semester | 1 |
| Undervisingsspråk | Norsk |
| Ressursar | |
| Tilhører | Institutt for økonomi |
Kontakt
Kontaktinformasjon
Institutt for økonomi
E-post: studieveileder@econ.uib.no
Tlf: 55 58 92 26
Mål og innhald
Kurset har som mål å gi studentane innsikt i sentrale delar av moderne makroøkonomisk teori, samt å øve opp evnene deira til å gi sjølvstendige og kritiske vurderingar av kor godt teoriane kaster lys over empiriske funn.
Makroøkonomien prøver å svare på sentrale samfunnsspørsmål. Kvifor er det så stor forskjell mellom fattige og rike land, og korleis kan eventuelle ulikskapar jamnast ut eller gjerast mindre? Kva er årsaka til store svingingar i økonomien? Kvifor finst det arbeidsløyse? Korleis skapast inflasjon? Kva for høve til styring har offentlege styringsmakter og kva for styringsinstrument er mest effektive?
Moderne makroøkonomi er basert på mikrobaserte modellar bygd på åtferda til rasjonelle aktørar. Vidare er tidsaspektet, og difor forventningane til dei økonomiske aktørane om framtida, eit viktig element i makroøkonomifaget. Gjennom faget skal studentane lære å gjere bruk av ein serie ulike modellar til å analysere og forstå ulike fenomen i økonomien. Dei ulike modellane er konstruert for å analysere avgrensa problemstillingar. Dette gjer at faget kan framstå noko fragmentert. I alle høve er dei ulike modellane nødvendige for å få ei djupare forståing av faget.
Læringsutbyte/resultat
Etter å ha avslutta emnet skal studentane kunne:
- Gjere greie for dei elementære makroøkonomiske samanhengane og tallfeste desse.
- Gjenge hovedtrekka i den makroøkonomiske utviklinga over tid.
- Gjere greie for både klassisk (Solow) og moderne (endogen) vekstteori og kritisk vurdere i kor stor grad desse modellane forklarer dei vekstmønstre vi observerer i den verkelege verda.
- Gjere greie for dei faktorar som bestemmer aggregert etterspurnad i økonomien.
- Vise korleis det offentlege kan påverke aggregert etterspurnad gjennom aktiv rente og finanspolitikk.
- Kjenne til elementære fakta knytta til konjunktursyklusar.
- Gjere greie for samanhengen mellom konjunktursyklusar og inflasjon og i kva grad og korleis myndigheten kan jevne ut svingninger i inflasjon og produksjon.
Undervisningssemester
Våren 2014, etter det kun haust
Undervisningssemester
Haust
Eksamenssemester
Haust/vår
Studienivå
Master
Undervisning og omfang
Førelesingar. Seminarundervisning.
Obligatoriske arbeidskrav
Ei godkjent innleveringsoppgåve. I godkjenninga kan både skriftleg og munnleg presentasjon inngå.
Obligatorisk oppgåve og arbeidskrav er gyldig i inneverande og dei tre følgjande semestera.
Vurderingsformer
4 timar skriftleg eksamen.
Tillatne hjelpemiddel til eksamen:
Matematisk formelsamling av K Sydsæter, A. Strøm og P. Berck, formelsamling i matematikk av Utdanningsdirektoratet og kalkulator. Berre følgjande enkle, ikkje-programmerbare kalkulatorar utan grafisk display vert tillete brukt ved skriftlege prøvar:
Alle modellar av typane:
- Casio FX-82
- Hewlett-Packard HP30
- Texas instruments TI-30
Institutt for økonomi kan gjennomføre stikkprøvar av hjelpemidla i eksamenslokalet.
Karakterskala
Karakterskala A-F
Emneevaluering
Alle emner ved Institutt for økonomi vert evaluert kvart undervisningssemester.