Internasjonal makroøkonomi II

Fakta om studiet

EmnekodeECON332
Studiepoeng10
UndervisingssemesterVår, Haust
Antall semester1
Undervisingsspråk
Norsk
Ressursar
TilhørerInstitutt for økonomi

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for økonomi

E-post: studieveileder@econ.uib.no

Tlf: 55 58 92 26

Mål og innhald

Studentane skal vere i stand til å utreie og svare på sentrale spørsmål innanfor området internasjonal makroøkonomi.

Læringsutbyte/resultat

Etter å ha fullført emnet skal studentane kunne:

  • Gjere greie for grunnleggjande valutakursteorier som den monetære fleksiprismodellen, "sticky-price-modellen" og porteføljevalgsmodellen.
  • Kunne rekne ut om ein valuta er overvurdert, basert på teorien for kjøpekraftsparitet og teorien for fundamental valutakurs.
  • Gjere greie for kva som kjenneteiknar den kort- og langsiktige utviklinga av priser, renter, valutakurs og produksjon.
  • Forklare hvilke rolle forventningar har for utviklinga i dei viktigaste makroøkonomiske variablane. Die skal også kunne forklare relevansen av forventningar og overraskande hendingar (nyhende).
  • Gjere greie for kva som meinast med globale ubalanser og korleis slike kan mildnast.
  • Forklara kva som meinast med inflasjonsstyring og pengemengdestyring, samt gjere greie for teoriane som ligg bak desse styringsformene.
  • Bedømme korleis ulike valutakursregimer fungerer.

Undervisningssemester

Uregelrett.

Eksamenssemester

Uregelrett

Studienivå

Master

Krav til forkunnskapar

ECON230

Obligatoriske arbeidskrav

Ingen

Vurderingsformer

4 timar skriftleg eksamen.

Tillatne hjelpemiddel til eksamen:

Matematisk formelsamling av K Sydsæter, A. Strøm og P. Berck, formelsamling i matematikk av Utdanningsdirektoratet og kalkulator. Berre følgjande enkle, ikkje-programmerbare

kalkulatorar utan grafisk display vert tillete brukt ved skriftlege prøvar:

Alle modellar av typane:

  • Casio FX-82
  • Hewlett-Packard HP30
  • Texas instruments TI-30

Institutt for økonomi kan gjennomføre stikkprøvar av hjelpemidla i eksamenslokalet.

Karakterskala

Karakterskala A-F

Emneevaluering

Alle emner ved Institutt for økonomi vert evaluert kvart undervisningssemester.