Investering og finansiering II

Fakta om studiet

EmnekodeECON361
Studiepoeng10
UndervisingssemesterVår, Haust
Antall semester1
Undervisingsspråk
Norsk
Ressursar
TilhørerInstitutt for økonomi

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for økonomi

E-post: studieveileder@econ.uib.no

Tlf: 55 58 92 26

Mål og innhald

Kurset gir ei vidare innføring i investeringsanalyse og finansieringsteori frå eit føretaksøkonomisk synspunkt, med sikte på praktisk bruk ved hjelp av rekneark.

Formålet med kurset er å gi innblikk i korleis finansmarknaden fungerer og i verdsetting av forskjellige typar verdipapir og realinvesteringar.

Hovudtema:

  1. Korleis bør ein investere under uvisse (porteføljeteori)?
  2. Korleis verdset individ og marknader verdipapir?
  3. Kan ein i forventning tene meir enn marknaden?

Læringsutbyte/resultat

Etter å ha avslutta emnet skal studentane kunne

  • Foreta investeringsanalyser for foretak
  • Berekne optimale porteføljer for investorer
  • Forstå korleis finansmarked virker, og forskjellige metoder å modellere desse.
  • Vite korleis ein måler og tek hensyn til risiko.
  • Ha ein rimelig forståing av begrensningene ved de forskjellige metodene.

Undervisningssemester

Uregelmessig (haust)

Eksamenssemester

Haust/vår

Studienivå

Master

Tilrådde forkunnskapar

ECON141, ECON240, ECON261

Undervisning og omfang

Førelesingar og øvingar.

Obligatoriske arbeidskrav

Ei obligatorisk innlevering som må vere bestått for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.

Obligatorisk oppgåve og arbeidskrav er gyldig i inneverande og dei tre følgjande semestera.

Vurderingsformer

4 timar skriftleg eksamen.

Tillatne hjelpemiddel til eksamen:

Matematisk formelsamling av K Sydsæter, A. Strøm og P. Berck, formelsamling i matematikk av Utdanningsdirektoratet og kalkulator. Berre følgjande enkle, ikkje-programmerbare kalkulatorar utan grafisk display vert tillete brukt ved skriftlege prøvar:

Alle modellar av typane:

  • Casio FX-82
  • Hewlett-Packard HP30
  • Texas instruments TI-30

Institutt for økonomi kan gjennomføre stikkprøvar av hjelpemidla i eksamenslokalet.

Karakterskala

Karakterskala A-F

Emneevaluering

Alle emner ved Institutt for økonomi vert evaluert kvart undervisningssemester.