Praksisbasert prosjektarbeid

Fakta om studiet

EmnekodeECON381
Studiepoeng20
UndervisingssemesterHøst
Antall semester1
Undervisingsspråk
Norsk
Ressursar
TilhørerInstitutt for økonomi

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for økonomi

E-post: studieveileder@econ.uib.no

Tlf: 555 89 226

Mål og innhald

Mål: Målet med kurset er å lære deltakarane ¿ både individuelt og som gruppe ¿ bruk av samfunnsøkonomisk kunnskap i samanheng med eit praktisk oppdrag for ein ekstern oppdragsgjevar («kunde»).

Innhald: Studentane gjennomfører eit prosjekt for den bedrifta/organisasjonen som er oppdragsgjevar. Prosjektet blir gjennomført som eit gruppearbeid med 3-6 studentar pr. gruppe, og blir dokumentert i form av ein prosjektrapport.

Ved semesterstart vert det helde oppstartsseminar med fokus på å bu studentane på ulike sider ved det å jobbe for ein ekstern oppdragsgjevar. Ein viktig del av dette seminaret er å gjere studentane medvitne på sin eigen kompetanse og korleis dei kan nytte denne i praksisen. Vidare går ein igjennom praktiske utfordringar og forslag til løysingar på situasjonar som kan oppstå. Sidan prosjektet er organisert som gruppearbeid vil det også bli lagt vekt på opplæring i effektiv arbeidsorganisering, herunder møteteknikk.

Studentane blir tildelt eit prosjekt, og må rekne med å måtte delta i utviklinga av prosjektet. Studentane får grupperettleiing både frå bedrifta/organisasjonen og frå Institutt for økonomi. Dette blir organisert som prosjektmøter der studentane får ansvar for å organisere og leie møter. I tillegg vil kvar student få individuell rettleiing frå instituttet etter behov.

Læringsutbyte/resultat

Etter fullført prosjekt skal studentane kunne

  • kombinere teori med erfaringsbasert læring
  • reflektere over forholdet mellom teori og praksis
  • arbeide med observasjon, samhandling, rettleiing og praktisk utøving av faget
  • beskrive korleis ein bedrift/organisasjon organiserer arbeidet
  • bruke samfunnsøkonomi på arbeidsrelevante praktiske oppgåver
  • organisere og leie prosjektmøter, ta referat etc.
  • presentere eigne og andre sine arbeid skriftleg og muntleg

- samarbeide om å skrive felles prosjektrapport

Undervisningssemester

Haust

Eksamenssemester

Haust

Studienivå

Master

Krav til studierett

Emnet er avgrensa til studentar på profesjonsstudiet i samfunnsøkonomi.

Undervisning og omfang

Form: Seminar og individuell rettleiing

Tal veker: rundt 16 veker

Obligatoriske arbeidskrav

Føring av arbeidslogg.

Levering av prosjektrapport.

Presentasjon av prosjektrapport.

Vurderingsformer

Mappevurdering:

-Praksisrapport (skrives i gruppe)

-Individuell oppgåve

Karakterskala

Bestått/ikkje bestått

Emneevaluering

Alle emner ved Insitutt for økonomi vert evaluert kvart undervisningssemester.