Mål og innhald
Studenten skal vise at ho/han er i stand til å nytte økonomisk metode til å gjere ei omfattande analyse av eit relevant problem. Framstillinga skal gjere greie for problemstilling, metode og resultat på ein oversiktleg måte.
Masteroppgåva er eit fagleg sjølvstendig arbeid som kan vere teoretisk eller empirisk. Studenten vel tema i samråd med rettleiar, basert på prosjektskissa levert i 2. semester.
Læringsutbyte/resultat
Etter å ha fullført emnet skal studenten kunne
- Nytte økonomisk metode til å gjere ei omfattande analyse av eit relevant problem.
- Gjere greie for problemstilling, metode og resultat på ein oversiktleg måte i framstillinga
Undervisningssemester
Vår/haust
Eksamenssemester
Haust/vår
Krav til forkunnskapar
Gjennomført kursdel i mastergraden.60 studiepoeng på masternivå må være bestått før kandidaten kan gå opp til muntlig vurdering.
Undervisning og omfang
Individuell rettleiing.
Obligatoriske arbeidskrav
I 2. semester av masterstudiet leverer studenten ei prosjektskisse til instituttet. Innleveringsfristar er 1. november og 1. mai.
Studentane får ei skriftleg tilbakemelding på skissa 1. desember/1. juni med innkalling til samtale med den i staben som har vurdert prosjektskissa.
Vurderingsformer
Munnleg eksamen.
Innleveringsfristar for oppgåva: 1. juni, 1. september, 1. desember, 1. februar.
Karakterskala
Karakterskala A-F
Emneevaluering
Alle emner ved Institutt for økonomi vert evaluert kvart undervisningssemester.