Examen facultatum, Tekst og kultur - eksamensmodellen
Fakta om studiet
| Emnekode | EXFAC00TKEKS |
| Studiepoeng | 10 |
| Undervisingssemester | Vår, Haust |
| Antall semester | 1 |
| Undervisingsspråk | Norsk |
| Ressursar | |
| Tilhører | Det humanistiske fakultet |
Kontakt
Kontaktinformasjon
exfachf@uib.no
Mål og innhald
Tekst og kultur skal gi studentane ei generell innføring i dei humanistske faga, deira grunnlagsproblem og eigenart. Emnet skal gi eit analytisk og metodisk grunnlag for vidare studier i dei humanistiske faga. Studentane skal lære å sjå eiga studieverksemd og dei humanistiske faga innanfor ein breiare kulturell samanheng. Emnet tek sikte på å fremje ein reflekterande haldning til dei humanistiske faga, også i eit historisk og sosialt perspektiv.
Tekst og kultur er ein av spesialdelane på Examen Facultatum. Emnet er valfri spesialdel i Examen Facultatum for studentar som ikkje følgjer studieprogram. Tekst og kultur er obligatorisk spesialdel i Examen Facultatum for Bachelorprogram i retorikk. Tekst og kultur er valfritt innføringsemne for Bachelorprogram i arkeologi, digital kultur, filosofi og idéhistorie, historie, kulturvitenskap, kunsthistorie og litteraturstudiar.
Tekst og kultur gir ei innføring i dei generelle grunnproblema innan dei humanistiske vitskapane. Emnet skal gi teoretiske og analytiske føresetnader for å studere humanistiske fag. Søkjelys er retta mot den sentrale rolla som tekst spelar i studier av faga ved Det humanistiske fakultet. Emnet vil gje studentane forståing for korleis ein arbeidar vitskapeleg med tekstar som materiale. Tekst og kultur er ei historisk og metodisk tilvenjing til omgrep som er overordna i dei humanistiske vitskapane, med vekt på tolking, retorikk, teiknlære og estetikk.
Studentane skal bli kjend med mangfaldet i og samanhengane mellom faga ved Det humanistiske fakultet. Tekst og kultur gir ein innføring i særskilde fagområde som litteratur, nyare medier, kunst, religion, musikk, arkeologi og historie.
Tekst og kultur gir god bakgrunn for vidare studier ved Det humanistiske fakultet.
Undervisningssemester
Undervisning vert gjeve i vår- og haustsemesteret.
Eksamenssemester
Haust og vår
Institutt
Institutt for filosofi og førstesemesterstudier
Krav til studierett
Kandidatar utan studierett kan søkje om å gå opp til særskilt eksamen i emnet. Sjå informasjon om korleis du søkjer om dette på: http://www.uib.no/hf/utdanning/opptak/saerskilt-eksamen-ved-det-humanistiske-fakultet
Krav til forkunnskapar
Generell studiekompetanse.
Undervisning og omfang
Undervising vert gjeve i form av førelesingar, og omfattar:
1) innføring i dei humanistiske faga sin eigenart, grunnlagsproblem og nøkkelomgrep
2) faghistorisk introduksjon til dei humanistiske faga
3) ulike aspekt ved retorikk og kommunikasjon
4) innføring i ulike fag: litteraturvitskap, medievitskap, musikkvitskap, arkeologi, kunsthistorie, religionsvitskap og historie
5) historiske perspektiv på tekst, kultur, tolking og forståing
Undervisinga er fordelt på lærarar frå dei ulike institutta ved fakultetet. Avhengig av kva for lærarar som deltek i undervisninga, vil pensum kunne variere noko frå semester til semester.
Obligatoriske arbeidskrav
Ingen
Vurderingsformer
Ein kan avleggje eksamen i Tekst og kultur kvart semester.
Studentar som følgjer eksamensmodellen går opp til skriftleg skuleeksamen (4 timar) på slutten av semesteret.
Karakterskala
Det vert gjeve bokstavkarakterar, etter ein karakterskala som er gradert frå A til F, der E er dårlegaste ståkarakter.
Læremiddelomtale
Pensumet består av eit tekstutval som er samansett av ulike artiklar og utdrag frå verk. Pensumet spenner frå klassiske grunntekstar til vitskapelege innføringsartiklar og fagspesifikke artiklar. Det blir lagd vekt på at studentane skal få øving i å lese ulike slags vitskapelege tekstar.
Undervisningsstad
Bergen
Emneevaluering
Tekst og kultur skal med jamne mellomrom evaluere den faglege og praktiske organiseringa av studiet. Evalueringa vil liggje til grunn for vidare oppfølging.