Samfunnsfarmasi I
Undervisningsperiode :
- Inneværende semester
- Neste semester
Aktuelle studieprogram
| Studiepoeng | 10 |
| Undervisningssemester | Haust Tillegg for enkelt emne: "Emnet har eit avgrensa tall på plassar og inngår i undervisningsopptaket" |
| Fagleg overlapp | Ingen |
| Timeplan | Se timeplan |
| Litteraturliste | Se litteraturliste |
Mål og innhald
Kurset skal gje ei innføring i farmasiens historie, farmasi som profesjon og farmasøytar si utdanning og rolle i helsetenesta. Sentrale aspekt ved lovverk, etikk og kommunikasjon vil verte berørt. Kurset skal gje basiskunnskap om legemiddel med meir (framstilling, bruk, overvaking) og om helsetenesta og legemiddelfeltet, apoteksektoren inkludert.
Kurset skal gje innsikt i helse- og sjukdomsomgrep og sosial ulikskap i helse, samt innsikt i globale helseutfordringar og farmasiens rolle i desse.
Læringsutbyte/resultat
Etter å ha fullført dette emnet skal studentane kunne
- skildre sentrale utviklingstrekk i farmasiens historie
- skildre kva som kjenneteiknar ein profesjon og diskutere profesjonsetiske utfordringar
- skildre helsetenesta generelt og legemiddelfeltet og apoteksektoren spesielt
- diskutere ulike helse- og sjukdomsomgrep
- identifisere grunner til sosial ulikskap i helse, nasjonalt og internasjonalt
- skildre placeboeffekt, etterleving, eigenomsorg, og feilbruk av legemiddel, samt legemiddelbruk i ulike livsfasar.
Undervisningssemester
Haust
Tillegg for enkelt emne: "Emnet har eit avgrensa tall på plassar og inngår i undervisningsopptaket"
Eksamenssemester
Det er ordinær eksamen kvar haust
Undervisningsspråk
Norsk
Institutt
Senter for farmasi, Institutt for samfunnsmedisinske fag
Krav til studierett
Emnet er reservert for studentar på studieprogramma Integrert masterprogram i farmasi og Masterprogram i farmasi for reseptarar
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Fagleg overlapp
Ingen
Undervisning og omfang
Førelesingar, gruppearbeid, Problembasert læring (PBL) med gruppevis munnleg presentasjon, hospitering og bedriftsbesøk
Obligatoriske arbeidskrav
Obligatorisk oppmøte på førelesingar
Obligatorisk utplassering i apotek
Obligatoriske sjølvstendige oppgåver
Obligatoriske PBL / gruppeoppgåver
Vurderingsformer
Godkjente obligatoriske oppgåver.
Skriftleg eksamen (4 timar).
Lovlege hjelpemiddel på avsluttande skriftleg eksamen er: Felleskatologen og Norsk legemiddelhandbok
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Undervisningsstad
Bergen
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Kontaktinformasjon
Forelesar og Administrativ kontaktperson finn du på Min side.
Institutt for global helse og samfunnsmedisin
e-post: studie@isf.uib.no