Fransk kulturkunnskap og omsetjing fransk-norsk

Fakta om studiet

EmnekodeFRAN103
Studiepoeng15
UndervisingssemesterVår
Antall semester1
Undervisingsspråk
 Norsk og fransk
Ressursar
TilhørerInstitutt for fremmedspråk

Kontakt

Kontaktinformasjon

studierettleiar@if.uib.no

Mål og innhald

Emnet er tredelt.

Studenten skal

  1. få ei innføring i fransk historie frå ca. 1600 og fram til i dag
  2. få ei innføring i den franskspråklege verda utanom Frankrike (la francophonie)
  3. få trening i omsetjing frå fransk til norsk

Læringsutbyte/resultat

Studentane har skaffa seg kunnskap om fransk historie frå 1600-talet til i dag og kan drøfta problemstillingar knytte til viktige historiske hendingar i Frankrike. Dei kjenner til frankofoniens utbreiing og situasjon i verda og er i stand til å diskutera og gje eit oversyn over situasjonen til språket internasjonalt. Studentane kan omsetja tekstar frå dagspressa frå fransk til norsk.

Undervisningssemester

Vår

Studienivå

Bachelor

Krav til studierett

 Emnet er ope for alle med ein studierett ved UiB.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med ein studierett ved UiB.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

For å gjennomføra emnet med godt resultat, trengst det førekunnskapar i fransk som svarar til minst nivå 2 frå vidaregåande skole.

Undervisning og omfang

Kvar student får tilbod om 7 timar undervisning kvar veke i om lag 10 veker:

2 t førelesing i historie

2 t førelesing i frankofoni

2 t førelesing i omsetjing frå fransk til norsk

1 t munnleg øving knytt til historie og frankofoni (gruppe)

Obligatoriske arbeidskrav

I samband med undervisninga skal ein levera for godkjenning eitt skriftleg arbeid i omsetjing og eitt skriftleg arbeid på om lag 1000 ord i historie eller frankofoni. Ein må i tillegg få godkjent ei munnleg framføring på om lag fem minutt i den disiplinen ein ikkje leverer skriftleg oppgåve i. Frist for innlevering av oppgåver vert gjeven i byrjinga av semesteret.

Vurderingsformer

Eksamen er tredelt:

1) Skriftleg skoleeksamen (2 timar) i historie eller frankofoni. Kva for ein disiplin som skal prøvast til skriftleg eksamen vert oppgjeve ei veke før eksamen.

2) Munnleg eksamen på fransk i historie eller frankofoni (den av dei to disiplinane som ikkje vart prøvd til skriftleg eksamen). Kva for eit emne i pensum som skal prøvast vert oppgjeve om lag 20 minutt før munnleg eksamen.
3) Skriftleg skoleeksamen (2 timar) i omsetjing fransk-norsk.

Karakteren på kvar av dei tre prøvene tel 1/3 av samla emnekarakter. Det er høve til å ta med seg ein deleksamen i inntil to semester etter at deleksamenen er greidd.

På dei skriftlege eksamensdagane kan ein nytta eittspråkleg (fransk-fransk og eventuelt norsk-norsk) ordbok godkjend av instituttet.

Karakterskala

Ved sensur av emnet nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.

Læremiddelomtale

Historie: eit oversyn over fransk historie frå 1600 til i dag, til dømes som det ein finn i Jean Carpentier og François Lebrun: Histoire de France, Points Seuil (om lag 200 s. tekst)

Frankofoni: utdrag frå John Kristian Sanaker, Karin Holter og Ingse Skattum: La francophonie, une introduction critique, Unipub (om lag 140 sider)

Eit presist pensumoversyn finn ein på Mi side.

Omsetjing: ikkje noko tekstpensum

Ved semesterstart vil det bli opplyst om eventuelle endringar i pensum.

Undervisningsstad

Bergen

Emneevaluering

Undervisninga vert evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.